Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk fargesirkelen til å lage palettar

Fargekalkulatoren er eit verktøy som kan hjelpe deg til å finne gode fargesamansettinger. Her kan du utforske korleis fargane i ulike fargeharmoniar verker på kvarandre. Prøv dei ut og finn fargepalettar som du kan bruke i eige skapande arbeid.
Tre fargar som står like langt frå kvarandre i fargesirkelen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fargekalkulatoren er eit gratis verktøy frå Sessions College for Professional Design. Ved å velje RYB-mode, vil du få ein fargesirkel som tek utgangspunkt i raudt, gult og blått, på same måte som Ittens fargesirkel. Vel du RGB, får du lysfargar som tek utgangspunkt i raudt, blått og grønt.

  1. Gå til Gå til Fargekalkulatoren på sessions.edu.
  2. Vel ein farge du vil ha som utgangspunkt. Denne får du opp som ein fargeprøve i paletten din.
  3. Vel ein harmoni:

    Ved å klikke på plussteiknet i skjermbiletet under, får du opp ei forklaring av dei ulike fargeharmoniane på norsk.
Rektangel med fargenyansar og fargesirkel med ein markert treklang. Skjermbilete.

Ved å krysse av for "Lock", beheld du harmonien, sjølv om du dreier på punkta.

Dersom du fjernar avkryssing for "Lock" under fargesirkelen, kan du justere kvar enkelt farge i paletten din. Beveger du deg inn mot midten i fargesirkelen, blandar du inn meir kvitt i fargen. Då får fargen mindre metting.

Til venstre for fargesirkelen kan du regulere kor mykje svart du vil ha i kvar enkelt farge.


Fargesirkel med sirklar der kulørtonane har ulike gradar av svart. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag:

  1. Prøv ut dei ulike typane harmoniar i fargekalkulatoren.
  2. Presenter prinsippet for dei ulike fargeharmoniane saman med ein fargepalett du har laga.
  3. Vel ut dei fargepalettane du liker best, lag idéskisser på korleis du kan bruke dei til eit oppdrag innan ditt valte yrke.

Relatert innhald

Fargesirkelen kan hjelpe deg til å finne gode fargesamasettingar. Itten brukte treklangar og firklangar til å finne fargeharmoni.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2019

Læringsressursar

Ittens fargelære