Hopp til innhald

Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1)

Farge

Fargar påverkar oss. Korleis vi opplever ein farge, er avhengig av kva for fargar han står saman med. Farge er ein viktig del av design. Nokon gongar brukar vi store kontrastar, andre gongar vil vi skape harmoni. Fargelære hjelper deg til å velje fargar som framhevar produktet ditt.

Ittens fargelære

Ittens fargelære kan hjelpe oss til å forstå fargeblanding og korleis fargar kan skape harmoni og kontrastar. Opplevinga av ein farge er avhengig av kva for fargar han står saman med. Prøv ut korleis vi opplever dei ulike fargekontrastane, og bruk dette i eige skapande arbeid.

Læringsressursar

Ittens fargelære