Eksperimenter med kald-varm-kontrast
Vel ei enkel form og plasser henne i eit rom. Prøv ut korleis du kan bruke kontrasten mellom kalde og varme fargar til å skape djupneverknad. Du kan bruke fargekontrasten i lys- og skuggeflater til å modellere forma og til å skape kontrast mellom forgrunn og bakgrunn.
Prøv ut verknaden av kalde og varme fargar
Her kan du måle, fotografere eller arbeide digitalt i eit teikneprogram. Du kan òg bruke eit foto som du tilarbeider med ulike fargeverknader i eit biletredigeringsprogram.
Lag fleire kopiar av motivet ditt, og prøv ut ulike kombinasjonar av kalde og varme fargar.
Vel det biletet du liker best, og monterer dette på svart kartong.
Skriv gjerne ein logg der du vurderer verknaden av ulike fargesamansetjingar.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2024