Film og filmklipp
Ittens fargelære
Ittens fargelære kan hjelpe oss med å forstå fargeblanding og korleis fargar kan skape harmoni og kontrastar. Her får du ei innføring i korleis Ittens fargesirkel er bygd opp og korleis du kan bruke fargekontrastar til å skape spenning og framheve element.
Johannes Itten studerte fargar heile livet. Han undersøkte korleis store målarar brukte fargar, og han eksperimenterte systematisk med korleis fargar verkar på kvarandre. Fargelæra hans har hatt, og har framleis, stor innverknad på målarar og designarar.
Relatert innhald
Fagstoff
Ittens fargesirkelEi innføring i Ittens fargesirkel og omgrepa primær-, sekundær- og tertiærfargar.
Fagstoff
Ittens sju fargekontrastarBruk av kontrastar påverkar korleis vi opplever farge og form. Ved å bruke fargekontrastar bevisst kan du forsterke det uttrykket du ønskjer.