Hopp til innhald

Dokumentarfilm

RBG

Gjennom heile yrkeskarrieren sin kjempa Ruth Bader Ginsburg for kvinner sine rettar. Dokumentarfilmen RBG fortel historia om korleis ho gjekk frå å vere ein innadvendt ung juss-student til å bli ein mektig høgsterettsdommar og eit feministisk ikon i USA.

Om filmen

Dokumentarfilmen RBG handlar om Ruth Bader Ginsburg sin veg til stillinga som høgsterettsdommar i USA. Ho var ein av få kvinner som studerte juss på 1950-talet. Då ho var ferdig utdanna, skjønte ho at sjølv om ho hadde særs gode resultat frå studia, så var det vanskeleg å få seg jobb. Dei fleste advokatfirmaa på denne tida tilsette rett og slett ikkje kvinner.

På 1970-talet protesterte stadig fleire kvinner mot systemet. Dei nekta å vere andrerangs borgarar, og dei ønskte seg dei same rettane som menn.

Kvinnekamp

Ginsburg engasjerte seg i saker som handla om likestilling og kjønnsdiskriminering. Ho opplevde at kvinner vart behandla ulikt frå menn i alle aspekt av det amerikanske samfunnet.

I 1993 vart Ginsburg innsett som høgsterettsdommar av dåverande president, Bill Clinton. Gjennom virket sitt i høgsterett bidrog ho til å endre lover, og ho har vore med på å gi amerikanske kvinner fleire moglegheiter og meir likeverdig behandling.

The notorious RBG

Etter kvart som samansetjinga i høgsterett vart stadig meir konservativ, tok Ginsburg dissens i ei rekkje saker der ho var usamd. Dette var saker som ofte handla om likestilling og diskriminering. Dette førte til at ho fekk stjernestatus blant unge kvinner og liberale.

Mot slutten av livet var Ginsburg nærast eit popkulturelt ikon i USA. Ho fekk kallenamnet "The notorious RBG" og vart omtalt som både superhelt og feministisk førebilete.

18.september 2020, to år etter at filmen kom ut, gjekk Ruth Bader Ginsburg bort.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 30.09.2020

Læringsressursar

Menneskerettar