Hopp til innhald

Kortfilm

The Manchador

I denne kortfilmen blir det introdusert ei heilt ny oppfinning. The Manchador snur opp ned på problemstillingar knytte til kjønn og påbodne klesplagg. Regi er ved den norsk-iranske filmskaparen Kaveh Tehrani.

Om filmen

Ekteparet Mina og Saeed bur i den iranske hovudstaden Teheran. Kvinnene i Iran må dekkje til håret når dei går utanfor heimen.

Mina er lei av dei strenge reglane, og har lyst til å flytte til utlandet. Flytteplanane til Mina gjer Saeed så stressa at han mistar nattesøvnen.

Ein dag får Saeed plutseleg ein heilt genial idé. Dersom mennene ikkje kan sjå kvinnene, så treng vel ikkje kvinnene lenger å dekkje seg til?

Relatert innhald

Kortfilmen The Manchador snur opp ned på problemstillingar knytte til kjønn og påbodne klesplagg.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 13.10.2020

Læringsressursar

Menneskerettar