Hopp til innhald

Kortfilm

Money Back, Please

Money Back, Please er ein film som testar fordommane til sjåaren. Vi blir vitne til ei realistisk scene der ei lita jente blir teken for nasking på eit kjøpesenter. Etter kvart som dramaet speler ut seg, kjem ei anna verkelegheit til syne.

Handling

Vi ser ei lita jente inne på eit kjøpesenter. Ho går omkring, tilsynelatande utan mål og meining. Plutseleg ser vi henne med ei lue på hovudet, alarmen går og ein vektar spring etter ho. Har ho stole lua?

Vektaren prøver å snakke med jenta både på norsk og engelsk, men det er vanskeleg å kommunisere. Jenta blir redd når fleire vaksne kjem til for å prøve å ta lua frå henne. Ho hyler, slår og spring under eit bord. Mora til jenta, som er ein av tiggarane i byen, dukkar òg opp.

Det viser seg at lua ikkje er stolen. Det er ein butikkmedarbeidar som sjølv har kjøpt ho til jenta, sidan det er så kaldt ute. Kva skjer når mora til jenta vil byte tilbake lua og få pengar tilbake frå butikken?

Om regissøren

Even Hafnor (fødd 1985) er utdanna regissør frå SAE-instituttet i Byron Bay i Australia. Han har skrive og regissert kortfilmane Small talk (2015), Til evig tid (2013), Money Back, Please (2013) og Det norske språket som var opningsfilm på Kortfilmfestivalen i 2012.

Hafnor vann i 2015 Gullstolen for beste norske kortfilm med filmen Small Talk i konkurranseprogrammet på Kortfilmfestivalen i Grimstad, der han har skrive manus og deler regi med Lisa Brooke Hansen.

Prislønte kortfilm

Money Back, Please har vunne ei rekke prisar, mellom anna juryprisen i Bergen internasjonale Filmfestival (2013).

Relatert innhald

Er stereotypiar – det å sette folk i bås, nyttig eller skadeleg? Kva er ein fordom, og kva er forskjellen på fordommar og stereotypiar?

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Menneskerettar