Hopp til innhald

Dokumentarfilm

MLK/FBI

I 1950- og 1960-åra samla Martin Luther King Jr. menneske frå heile USA i protestar og demonstrasjonar. Amerikanske statsdokument som er gjorde tilgjengelege for allmenta, viser at King i ei årrekkje vart overvakt av FBI.

Om filmen

MLK/FBI er ein amerikansk dokumentarfilm frå 2020 om korleis FBI overvakte Martin Luther King Jr. Filmen er regissert av amerikanaren Sam Pollard.

I perioden frå 1955 til 1968 leidde King ei fredeleg borgarrettsrørsle. Gjennom desse 13 åra bidrog rørsla til å forandre det amerikanske samfunnet. Engasjementet til King spreidde seg langt utover grensene til USA og samla menneskerettsforkjemparar over heile verda.

Etter kvart som King vart meir og meir berømt, vart FBI stadig meir bekymra over suksessen og karismaen hans og over evna han hadde til å få mange menneske til å samle seg om ideane hans.

Overvaking

Den 28. august 1963 held King den berømte "Eg har ein draum"-talen. Få dagar etter talen reknar FBI King som den farlegaste svarte mannen i heile Amerika.

Utover i 1960-åra vart King utsett for omfattande overvaking av FBI. FBI prøvde å svekkje leiarskapen og omdømmet til King gjennom å avsløre løyndommar frå privatlivet hans.

Nyleg frigitte statlege dokument frå det amerikanske nasjonalarkivet har gitt allmenta innsyn i overvakinga FBI dreiv.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022

Læringsressursar

Menneskerettar