Før snøen faller
Om filmen
Siyar er ein 16-år gammal kurdisk gut som nyleg har vorte overhovudet til familien etter at faren døydde. No som faren er borte, er det han som må gi løyve til at søstera, Nermin, blir gifta bort til ein slektning. Bryllaupet nærmar seg, men Nermin ønskjer ikkje å gifte seg. Ein morgon er ho borte, og Siyar forstår at ho har rømt for å unngå bryllaupet.
Siyar legg så ut på ei farleg reise for å finne søstera. Han gøymer seg i oljetanken til ein trailer for å kome seg over grensa til Tyrkia. I Istanbul finn han spor etter søstera og legg ut på ei farleg ferd gjennom Europa og heile vegen til Noreg. Som overhovudet i familien har Siyar no plikt til å finne søstera.
Før snøen faller er regissert av norsk-kurdiske Hisham Zaman. Filmen vann prisen for beste nordiske film under Gøteborg International Film Festival i 2013. Zaman har òg laga kortfilmen Bawke, som du kan sjå på NDLA film.
Tematikken av filmen
Tematisk handlar filmen om kva konsekvensar tvangsekteskap får for kvinnene det gjeld, og for familien rundt. Det kan i denne samanhengen vere interessant å diskutere rettane til kvinner i ulike kulturar og forskjellane mellom arrangerte ekteskap og tvangsekteskap.
Æresdrap er eit anna viktig tema i filmen. Vi får òg eit innblikk i kva for underliggjande normer og forventningar som er årsaka til Siyar sitt ansvar for å rette opp igjen æra til familien.