Hopp til innhald

Dokumentarfilm

John Lewis: Good Trouble

I denne dokumentarfilmen fortel Hillary Clinton og fleire andre politiske superstjerner historia til John Lewis.

Om filmen

Gjennom heile livet kjempa John Lewis (1940–2020) mot rasediskriminering og for rettane til dei svake og utsette i USA. Det politiske engasjementet hans blei vekt gjennom borgarrettsrørsla på 50-talet.

Engasjementet blei med John Lewis gjennom heile den politiske karrieren hans. I filmen fortel John Lewis sjølv frå livet sitt.

Gjennom filmen gir òg amerikanske politikarar som Hillary Clinton, Beto O'Rourke og Elijah Cummings oss eit innblikk i Lewiss politiske betydning.

Aktuell kampsak

I starten av filmen seier Lewis at kampen mot rasediskriminering ikkje er vunne, fordi det finst krefter i samfunnet som ønskjer å ta oss tilbake til ein mørkare tidsalder.

I tillegg til å fortelje oss historia til John Lewis aktualiserer filmen at kampen mot rasediskriminering, og for like rettar for alle, framleis er viktig.

Filmen John Lewis: Good Trouble minner oss på at sjølv om somme kampar er vunne, er det ikkje sjølvsagt at desse sigrane blir ståande for alltid.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 28.10.2021

Læringsressursar

Menneskerettar