Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Slaveskipet – den mørke norske kolonihistoria

Denne filmen fortel om ein del av norsk historie som i lita grad har vore belyst tidlegare – Noreg si rolle i slavehandelen på 1700-talet.

Om filmen

Filmen følgjer den norske styrmannen Christian Runge på ein dramatisk seglas med slaveskipet "Fredensborg". Runge var ein av mange nordmenn som jobba på dansk-norske slaveskip på 1700-talet.

Gjennom auga til Runge får vi sjå korleis delar av slavehandelen gjekk føre seg. Filmen viser òg at det ikkje berre var i sjøfarten Noreg var involvert i slavehandelen. Fleire nordmenn var òg tilsette som guvernørar ved slaveforta langs Gullkysten og i Karibia.

Dramatisert dokumentarfilm

"Fredensborg" forliste under ein storm i Skagerrak og vart først funne av dykkarar utanfor Tromøya i Arendal over to hundre år seinare. Handlinga i filmen baserer seg på loggbøker som er funne på "Fredensborg", i tillegg til andre historiske dokument.

Historia er fortald gjennom dramatiseringar med skodespelarar. Dei dramatiserte scenene er klipte saman med ulike historiske kjelder og animerte kart og dessutan intervju med ekspertar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 20.01.2022

Læringsressursar

Menneskerettar