Hopp til innhald

Fagstoff

Cøliaki og andre former for glutenintoleranse

Ein del menneske må unngå all mat som inneheld gluten, og halde seg til eit konsekvent glutenfritt kosthald for ikkje å bli sjuke. Dette gjeld personar med cøliaki og enkelte andre sjukdommar.
Ei kvinne held hendene på magen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er cøliaki?

Cøliaki er ein kronisk autoimmun sjukdom. Når ein med cøliaki får i seg gluten, angrip immunforsvaret til kroppen seg sjølv og øydelegg tarmtottane, noko som reduserer evna til å suge opp næringsstoffa i maten.

Sjølv små mengder gluten kan øydelegge tarmen til ein med cøliaki, og eit fullstendig glutenfritt kosthald forhindrar sjukdom. Omtrent ein til to prosent av befolkninga har cøliaki.

I tillegg til personar med cøliaki må personar som har andre former for glutenintoleranse, som dermatitis herpetiformis ("cøliakien til huda"), ikkje-cøliakisk glutensensitivitet eller kveiteallergi, halde seg heilt unna gluten.

Kvar finst gluten?

Gluten er eit protein som finst i kveite, rug og bygg og alle variantar og hybridar som durumkveite, spelt, emmer, enkorn, tritikale og kamut®. Havre er glutenfritt, men på grunn av faren for forureining frå andre glutenhaldige kornsortar blir det tilrådd at ein bruker spesialdyrka, glutenfri havre.

Symptom

Symptom på cøliaki kan vere magesmerter, oppblåstheit, diaré eller forstopping, vekttap eller vektauke, vitamin- og mineralmangel, hjernetåke, trøyttleik og slappheit.

Behandling

Cøliaki blir behandla med glutenfritt kost. Tarmtottane blir heila når gluten blir fjerna frå kosten, og så lenge ein er nøye med å leve glutenfritt, blir ein frisk frå cøliakien sin.

Ved ubehandla cøliaki kan tarmen ha redusert evne til å ta opp næringsstoff. Derfor har mange personar som nettopp har fått diagnosen, behov for tilskot av enkelte vitamin og mineral. Nokon må òg redusere inntaket av matvarer med laktose (mjølkesukker) i starten fordi laktose kan gi mageplager hos dei med øydelagde tarmtottar. Etter ei stund på glutenfri kost vil tarmen bli bra igjen, og dei aller fleste kan då introdusere laktose i kosten igjen.

Glutenfritt kosthald

Ein sirkel der eit kornaks og ein strek dannar eit kryss. Illustrasjon.

Rene og uforedla råvarer som kjøt, fisk, grønsaker, frukt og bær, fjørfe, ost og egg, belgfrukter, urter og krydder er glutenfrie, men når du skal lage til desse råvarene og lage sausar og liknande, må du vere på vakt og passe på å nytte glutenfrie ingrediensar. Til dømes kan du nytte maisenna i staden for kveitemjøl i sausar, bruke glutenfri panering og droppe kveitemjøl i fårikålen.

Mjølk, jus, mineralvatn og vin er glutenfritt. Dei fleste typar øl inneheld gluten, men det finst no ein del glutenfrie øltypar. Sjå gjerne etter Crossed grain-merket.

Relatert innhald

CC BY-SARettshavar: Norsk cøliakiforening
Sist fagleg oppdatert 03.05.2023

Læringsressursar

Tilpassa kost