Hopp til innhald

Fagstoff

Overfølsemdreaksjonar på mat

Dei seinare åra har talet på personar som har unormale reaksjonar på mat, auka. Tidlegare vart slike reaksjonar delte inn i matvareallergi og matintoleranse. Desse omgrepa blir framleis brukte i dag, men stadig oftare blir heller omgrepa allergiske og ikkje-allergiske overfølsemdreaksjonar brukte.
Mann sit på toalettet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Overfølsemdreaksjonar

Matvareallergi er ein tilstand der immunforsvaret overreagerer på stoff i maten, såkalla allergen, ved å produsere antistoff og starte ein reaksjon som om eit skadeleg stoff har trengd inn i kroppen. Dei vanlegaste symptoma, i tillegg til slappheit, er plager frå fordøyingssystemet som magesmerter, oppkast og diaré eller hud- og luftvegsreaksjonar. I verste fall kan ein allergisk reaksjon føre til anafylaktisk sjokk som er ein livstruande tilstand.

Når det gjeld ikkje-allergiske overfølsemdreaksjonar, er derimot ikkje immunforsvaret involvert, og sjølv om symptoma kan likne på allergiske reaksjonar, er dei som regel mindre kraftige enn ved matvareallergi.

Matvarer som medfører reaksjonar

Matvarene som oftast medfører allergiske reaksjonar, er mjølk, egg, fisk, nøtter, rå frukt, rå grønsaker, skaldyr og matvarer med kornslag som inneheld gluten. Mjølk- og mjølkeprodukt kan òg føre til ikkje-allergiske overfølsemdreaksjonar hos personar som nedsett evne til å bryte ned laktose på grunn av mangel på enzymet laktase i tarmen.

Diagnostisering av overfølsemd mot mat

Ved mistanke om matvareallergi kan det brukast prikktesting med ekstrakt av matvarer som blir drypte på underarmen, eller blodprøver for å måle antistoff. Det kan òg brukast diettar der matvarer som ofte framkallar allergi, blir utelatne frå kosthaldet i ein periode og så gradvis blir innførte igjen inntil det oppstår symptom. Det er òg mogleg å gjere matprovokasjonar under nøye observasjon der ein gir den matvara ein trur gir reaksjonar, for å få stadfesta eller avkrefta mistanken.

Medisinske utgreiingar ved mistanke om oversfølsemd mot matvarer vise at langt færre enn dei som mistenker at dei har ein allergi eller intoleranse, får påvist ein sikker reaksjon.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig å skilje mellom allergiske og ikkje-allergiske overfølsemdreaksjonar mot mat?

  2. Kva kan vere årsaka til at mange mistenker at dei har ei overfølsemd mot matvarer sjølv om det ikkje er påvist?

  3. Kvifor er det nødvendig å vurdere kosttilskot dersom viktige matvaregrupper blir fjerna frå kosthaldet på grunn av overfølsemdreaksjonar?

Kjelde

Hjartåker, A., Pedersen, J. I., Müller, H. & Anderssen, S. A. (2020). Grunnleggjande ernæringslære (3. utg.). Gyldendal Akademisk.

Relatert innhald

Ved allergi reagerer kroppen på naturlege stoff i maten. Desse stoffa kallar vi allergen. I denne presentasjonen kan du lære meir om dei.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2022

Læringsressursar

Tilpassa kost