Hopp til innhald

Fagstoff

Laktoseintoleranse og mjølkeproteinallergi

Mange har behov for ein laktoseredusert eller mjølkefri kost. Intoleranse og allergi er ikkje det same, og det er viktig at vi som skal lage mat til andre, klarer å skilje mellom desse to.
To barn heller melk i hvert sitt glass, en heller vanlig melk og en heller soyamelk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er laktoseintoleranse?

Laktose er mjølkesukker som finst naturleg i mjølk frå alle pattedyr, òg i morsmjølk. Laktoseintoleranse vil seie at evna til å bryte ned laktose (mjølkesukker) er redusert. Dette kjem av mangel på enzymet laktase som spaltar laktose til glukose og galaktose.

Det finst ulike typar laktoseintoleranse. Primær laktoseintoleranse oppstår etter dei første leveåra. Dei fleste toler morsmjølk når dei er fødde, men for størstedelen av jordas befolkning minkar denne evna gradvis etter treårsalderen. I Asia reknar ein med at cirka 80 prosent av dei vaksne er laktoseintolerante, mens talet er mellom 5 og 15 prosent hos nord-europearar.

Sekundær laktoseintoleranse oppstår som følgje av andre sjukdommar eller skader i tarmen, som til dømes cøliaki, betennelsestilstandar eller langvarig diaré. Når den opphavlege sjukdommen blir behandla, forsvinn som oftast laktoseintoleransen igjen.

Symptom

Laktoseintoleranse medfører symptom som ikkje er farlege, men som kan vere ubehagelege. Oppblåstheit, luftplager, kvalme og diaré er vanlege symptom på laktoseintoleranse.

Laktose i kosthaldet

Dei fleste med laktoseintoleranse toler litt laktose kvar dag, men det er individuelt kor mykje dei toler før det gir plager. Det er ikkje nødvendig å kutte ut alt av meieriprodukt i kosthaldet, men heller velje dei produkta som er laktosefrie eller laktosereduserte. Det er i dag eit stort utval av slike produkt i handelen.

Kostråd

  • Erstatt vanleg mjølk, fløyte, rømme, yoghurt, kesam, fersk ost og iskrem med laktosefrie eller laktosereduserte produkt.

  • Bruk laktosefrie eller laktosereduserte meieriprodukt i matlaginga.

  • Faste ostar som vanleg gulost inneheld nesten ikkje laktose, og kan derfor brukast som normalt. Andre ostar som har eit lågt innhald av laktose, er mozzarella, brie, camembert, smørjeostar og tubeostar.

  • Brunost og prim inneheld mykje laktose og må unngåast.

  • Smør og margarin inneheld små mengder laktose.

  • Syrna meieriprodukt inneheld noko laktose, men blir ofte tolt betre enn vanlege mjølkeprodukt.

Det finst laktasetablettar og -dropar på apoteket som hjelper til med å spalte laktose i tarmen. Dette kan vere nyttig i situasjonar der det er vanskeleg å unngå laktose.

Laktoseredusert mjølk smaker litt søtare enn vanleg lettmjølk, mens den laktosefrie mjølka smaker omtrent som vanleg mjølk. Innhaldet av kalsium, jod, B-vitamin og andre næringsstoff er likt som i dei vanlege mjølkeprodukta.

Kva er mjølkeproteinallergi?

Mjølkeproteinallergi må ikkje forvekslast med laktoseintoleranse. Ved mjølkeproteinallergi reagerer immunsystemet i kroppen på proteinet i mjølka, og dette fører til allergiske reaksjonar. Eit kosthald heilt utan kumjølk er nødvendig. Personar med mjølkeproteinallergi reagerer ofte òg på mjølk frå andre pattedyr, som geit og bøffel.

​Mjølkeallergi opptrer først og fremst hos spedbarn og i småbarnsalderen, og det rammar rundt 2–3 prosent. Dei fleste veks det av seg med alderen.

Erstatningar for mjølk

Mjølkeprodukt er mellom anna hovudkjelda vår til kalsium og jod i kosthaldet, men dei er òg ei viktig kjelde til B-vitamin og protein. Dersom mjølkeprodukt må fjernast frå kosthaldet til nokon, er det viktig at dei blir sikra eit tilstrekkeleg inntak av desse næringsstoffa frå andre kjelder.

Det finst fleire erstatningar for mjølk og andre meieriprodukt som er baserte på soya, havre eller andre plantar. Desse erstatningane kan brukast i dei fleste retter, men smaken vil bli noko annleis. Næringsinnhaldet er varierande, nokon inneheld kalsium, men få inneheld jod.

Tenk over

Kva for nokre andre matvarer enn mjølk er gode kjelder til jod?

Merking av mjølk

Mattilsynet har retningslinjer for merking av ferdigpakka og ikkje-ferdigpakka mat. 14 allergen, mellom anna mjølk, skal merkast.

På ikkje-ferdigpakka mat som blir servert over disk på kafé, restaurantar eller andre matstader, kjem merkinga som oftast fram på skilt, plakatar eller i menyen ved hjelp av tekst eller symbol.

I ingredienslista blir mjølk og andre allergen merkte med feit, kursiv eller understreka skrift, slik at det skal vere lett for forbrukarar å finne ut kva maten inneheld.

Kjelder

Helsedirektoratet. (2018, 5. oktober). Kosthold ved laktoseintoleranse. https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/kosthold-ved-diagnoser-og-sykdomstilstander/rad-om-kosthold-ved-ulike-diagnoser-og-sykdomstilstander/kosthold-ved-laktoseintoleranse

Helsedirektoratet. (2016, 22. desember). Melkeproteinfri kost. https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/ernaering-kosthold-og-maltider-i-helse-og-omsorgstjenesten/spesialkost-i-institusjoner/melkeproteinfri-kost

Aabakken, L. (2020, 21. januar). Laktoseintoleranse. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/laktoseintoleranse

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2022

Læringsressursar

Tilpassa kost