Hopp til innhald

Fagstoff

Kost ved diabetes

For personar med diabetes er rett kosthald sentralt for å halde blodsukkeret stabilt og dermed unngå symptom på for høgt eller for lågt blodsukker. Kosthald og livsstil er òg viktig for å førebygge utvikling av alvorlege seinkomplikasjonar på lengre sikt.
Ein person med eingongshanskar held fram eit apparat for blodsukkermåling ved sida av ei hand der det er ein bloddrope. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er diabetes?

Når vi et mat med mykje sukker eller stivelse, blir karbohydrata spalta til glukose i tarmen. Derfrå transporterer blodet glukosen til cellene. Oppgåva til insulinet er å hjelpe til med å få glukosen inn i cellene slik at energien frå glukosen kan brukast av kroppen.

Når insulinet ikkje verkar godt nok eller det er mangel på insulin, tek ikkje cellene opp glukosen, og dette fører til forhøgd nivå av sukker i blodet. Høgt blodsukker over lang tid kan føre til ei rekke alvorlege sjukdommar, inkludert hjarte- og karsjukdommar og nerveskadar.

Ulike typar diabetes

  • Diabetes type 1 inneber at det ikkje blir produsert insulin i kroppen, og dette må derfor tilførast gjennom sprøyter eller pumpe.

  • Diabetes type 2 inneber at insulinproduksjonen er redusert, eller at kroppen ikkje lenger reagerer godt nok på insulinet som blir produsert i bukspyttkjertelen (insulinresistens). Nesten 90 prosent av personane med diabetes har type 2.

  • I tillegg til diabetes type 1 og 2 finst det svangerskapsdiabetes og nokre sjeldne diabetestypar som er forårsaka av genmutasjonar.

Behandling av diabetes

Behandlinga av diabetes type 1 inneber alltid tilførsel av insulin, men for diabetes type 2 og svangerskapsdiabetes kan kosthalds- og livsstilsendringar i kombinasjon med auka aktivitetsnivå og vektreduksjon førebygge og/eller forseinke behovet for medikamentell behandling.

Kostråd ved diabetes

Det er tilrådd at menneske med diabetes følger kostråda frå helsestyresmaktene. Kort sagt vil det seie nøkkelrådskost med mykje grønsaker, grove kornprodukt og fisk, magre meieriprodukt og avgrensa mengder omarbeidd kjøtt, raudt kjøtt, salt og sukker. Korleis blodsukkeret blir påverka av ulik mat, varierer frå person til person, så det må derfor takast individuelle vurderingar.

Konkrete råd

  • Avgrens inntaket av mat og drikke med mykje sukker.

  • Avgrens inntaket av fruktsukker. Frukt og bær inngår i eit sunt kosthald, men fruktsukker gir blodsukkerstigning, og derfor må ein person med diabetes ete frukt og bær med måte. Det er ein fordel å velje heil frukt framfor jus, fordi det i jusen er eit høgare energiinnhald per 100 gram og mindre kostfiber enn i heil frukt.

  • Byt gjerne ut matvarer med mykje stivelse, som poteter, ris og pasta, med rotvekstar og belgvekstar.

  • Vel grove kornprodukt, men pass på det totale inntaket av karbohydrat. Sammale mjøl og fullkorn bidreg òg til stigning i blodsukkeret.

  • Ver ekstra forsiktig ved inntak av alkohol. Alkoholhaldig drikke kan i kombinasjon med blodsukkersenkande tablettar og/eller insulin gi lågt blodsukker. I tillegg hemmar alkohol kroppen sin eigen glukoseproduksjon som er aktiv om natta, og det er derfor større fare for føling (at blodsukkeret blir for lågt). Rus kan dessutan forvekslast med føling, og det er derfor vanskelegare å oppfatte følingssymptom i alkoholpåverka tilstand.

Måltidsrytme

For å regulere blodsukkeret best mogleg er det viktig med regelmessige måltid og gjerne fleire mindre måltid fordelte utover dagen. Dette gjer det enklare å halde blodsukkernivået stabilt.

Ein tallerken med ein tredel kokt skinke, ein tredel grovt brød og ein tredel grønsaker og salat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samansetjinga av måltidet

Det er først og fremst innhaldet av karbohydrat i kosten som får blodsukkeret til å stige. Karbohydratrike matvarer som inneheld mykje stivelse og enkle sukkerartar, bør bytast ut med fullkornsprodukt og andre matvarer med langsame karbohydrat som gir ei langsamare blodsukkerstigning. Inntaket av reint sukker bør avgrensast og eventuelt bli erstatta med kunstige søtingsmiddel.

Kor mykje blodsukkeret stig, er òg avhengig av kor store mengder av matvara som blir eten, og korleis måltidet elles er sett saman av fiber, protein og feitt. Tallerkenmodellen er eit godt hjelpemiddel for korleis måltidet bør setjast saman.

Utfordringar til deg

  1. Kva kan vere årsaka til at diabetes type 2 ofte blir kalla ein livsstilssjukdom?

  2. Korleis kan kosthaldet redusere risikoen for seinkomplikasjonar ved diabetes?

  3. Kvifor er det viktig med regelmessige måltid for personar med diabetes?

Kjelder

Helsedirektoratet. (2016, september). Kosthåndboken – veileder i ernæringsarbeid i helse- og omsorgstjenesten (IS-1972). https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/kosthandboken/kosth%c3%a5ndboken%20%e2%80%93%20Veileder%20i%20ern%c3%a6ringsarbeid%20i%20helse-%20og%20omsorgstjenesten.PDF

Helsedirektoratet. (2018, 5. oktober). Kosthold ved diabetes. https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/kosthold-ved-diagnoser-og-sykdomstilstander/rad-om-kosthold-ved-ulike-diagnoser-og-sykdomstilstander/kosthold-ved-diabetes

Hjartåker, A., Pedersen, J. I, Müller, H. & Anderssen, S. A. (2020). Grunnleggende ernæringslære (3. utg.). Gyldendal Akademisk.

Relatert innhald

Det du et, påverkar helsa di. Følg råda som Helsedirektoratet har gitt ut, ved å ete sunt og variert kombinert med fysisk aktivitet.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2023

Læringsressursar

Tilpassa kost