Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis lage trygg glutenfri mat?

Ver klar over at gjestar, brukarar, bebuarar eller pasientar som må leve glutenfritt, blir utrygge og engstelege viss dei er usikre på at maten dei blir tilbodne, er trygg og 100 prosent glutenfri. Du som skal lage mat til andre, har eit særleg ansvar for å servere trygg glutenfri mat.
Ulike glutenfrie mjølblandingar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viktige omsyn

Skal du lage mat til nokon som må ha eit glutenfritt kosthald, er det to hovudomsyn å ta for å unngå å gjere personen sjuk:

  • Det du serverer, må vere glutenfritt.

  • Den glutenfrie maten må ikkje forureinast av glutenhaldig mat.

Når ein gjest spør om maten inneheld gluten, er det viktig at du sjekkar nøye før du svarer. Ver alltid heilt sikker før du gir gjesten eit svar. Har du sagt at du skal ordne glutenfri mat til nokon, så skal gjesten få 100 prosent glutenfri mat.

Det er viktig å innarbeide gode rutinar slik at alle som lagar og serverer maten, veit kva han inneheld. Det kan gjerne vere minst éin tilsett som har eit særleg ansvarleg for matallergiar og matintoleransar på arbeidsplassen, og som kan svare på spørsmål rundt dette.

Tips til trygge rutinar ved glutenfri mathandtering

  • Råvarer som skal brukast til tillaging av glutenfri mat, må lagrast skilt frå glutenhaldig mat.

  • Sørg for at du har ei "glutenfri sone" der du lagar mat.

  • Bruk anten eigne reiskapar til glutenfri mat, eller sørg for at dei er heilt reine.

  • Spar på emballasje med innhaldslister, slik at dei kan visast fram ved behov.

  • Server glutenfri mat på eigne fat eller korger, skild frå glutenhaldig mat.

  • Server mat rundt bordet i staden for tvers over for å unngå risiko for kontaminering (forureining).

  • Ha gjerne eige smør og smørjepålegg på bordet til den/dei som må ha glutenfritt.

  • Vaffeljern brukt til glutenhaldig røre må reinsast godt før det blir brukt til glutenfri røre. Gi bort dei to første glutenfrie vaflane til ein som toler gluten.

  • Ha ein eigen brødristar som er reservert til glutenfritt brød. Toastposar kan òg nyttast. Merk gjerne vaffeljern, brødristar og liknande som berre blir nytta til glutenfritt.

  • Viss du skal bake både glutenfritt og glutenholdig på same dag, er det lurt å bake det glutenfrie først.

  • Viss det er "spor av kveite/gluten" i maten, informer om dette og la gjesten bestemme sjølv.

Steiking

Steikepanne, grill, omn og liknande må vere reine slik at den glutenfrie maten ikkje blir kontaminert.

  • Det er ikkje nødvendig med eigen omn til steiking av glutenfri mat, men underlaget må vere reint (plater, bakepapir, bakeformer og liknande).

  • Skal du steike glutenfri og glutenhaldig mat samtidig i same omn? Pass på at maten ikkje er i kontakt, og plasser gjerne den glutenfrie maten øvst i omnen.

  • Pakk eventuelt den glutenfrie maten inn i steikefolie dersom risikoen for kontaminering er stor (til dømes mykje mjølstøv).

  • Varmluftsomn? Ikkje steik glutenhaldig og glutenfritt saman. Lufta sirkulerer og aukar risikoen for kontaminering.

Merking av kva maten inneheld

Mattilsynet har retningslinjer for merking av ferdigpakka og ikkje-ferdigpakka mat. 14 allergen, mellom anna glutenhaldige kornsortar som kveite, rug og bygg, skal merkast. Det held ikkje å berre skrive "gluten".

På ikkje-ferdigpakka mat som blir servert over disk på kafé, restaurantar eller andre matstader, er det òg krav til merking av glutenhaldige kornsortar. Dette gjer vi som oftast med skilt, plakatar eller i menyen ved hjelp av tekst eller symbol.

I ingredienslista blir glutenhaldige kornsortar og andre allergen merkte med feit, kursiv eller understreka skrift. Dette skal gjere det enkelt for forbrukarar å finne ut kva maten inneheld.

Ingrediensliste frå ein brødpose der allergena er utheva med feit skrift i kursiv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SARettshavar: Norsk cøliakiforening
Sist fagleg oppdatert 10.10.2023

Læringsressursar

Tilpassa kost