Hopp til innhald

Fagstoff

Tilpassa kost

I befolkninga er det mange helseplager som kan krevje eit tilpassa kosthald. Du som fagarbeidar vil truleg møte brukarar eller gjestar med behov for tilpassa kost.
Ei kvinne gir eit brett med mat til ei kvinne som sit i ei seng. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er tilpassa kost?

Tilpassa kost vil seie ein kost der det er nødvendig å avgrense, utelate eller auke innhaldet av bestemde ingrediensar eller næringsstoff i maten. Det kan òg vere behov for å endre konsistensen til maten.

Vi skal alltid lage den tilpassa kosten med utgangspunkt i "normalkosten" så langt det let seg gjere. I tillegg må vi ta omsyn til at maten skal smake godt og sjå appetittvekkande ut. Det er ikkje nok at maten blir laga, han må òg bli vald og ete. Målet med å tilpasse kosten er å bli kvitt symptom og bidra til ei betre helse og kvardag for den enkelte.

"Mat er medisin"

Nokon må ha eit tilrettelagt kosthald i ein periode for å bli friske, mens andre må leve med eit spesielt kosthald resten av livet for å ha god helse.

Ernæring som einaste behandling:

  • matvareallergi og matvareintoleranse

  • cøliaki

  • stoffskiftesjukdommar der komponentar i maten er årsaka til problemet

Ernæring som vesentleg del av behandlinga:

  • diabetes

  • hjarte- og karsjukdommar

  • overvekt og fedme

  • kreft

  • sjukdommar i lever, nyre, galleblære og bukspyttkjertel

  • sjukdommar eller operasjonar i munn, svelg, mage og tarm

Planlegging er viktig

Ha god produksjonshygiene, og pass på å ikkje blande utstyr og reiskapar til dei ulike kostane.

Dersom du skal lage tilpassa kost, bør du tenke gjennom følgande:

  • Kva retningslinjer gjeld for den tilpassa kosten?
  • Kva matvarer kan brukast i den tilpassa kosten?
  • Kva matvarer kan ikkje brukast i den tilpassa kosten?
  • Er det avgrensingar i kva matlagingsmetodar som kan brukast?
  • Kan den tilpassa kosten lagast med utgangspunkt i normalkosten?
  • Er dei sensoriske eigenskapane til maten (smak, lukt, utsjånad, tekstur og lyd) tilpassa målgruppa?
  • Er maten tilpassa den sosiale situasjonen der han inngår? Til dømes kvardagsmat, "kose-mat" eller festmat, og skal maten etast åleine eller i fellesskap?
  • Er maten tilpassa dei rammene der maten eller måltidet skal inntakast? Til dømes sjukeseng eller kantine, servering ved bordet.
CC BY-NC-SASkrive av Asle Holthe, Unni Kulhuset Granheim og Jannike Gausdal. Rettshavar: Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 17.01.2022

Læringsressursar

Tilpassa kost