Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Dekkje bord etter gitte menyar og tema

I denne oppgåva får du oppgitt eit bestemt tema og ein meny av læraren, og du skal deretter pynte og dekkje eit bord som er innanfor kriteria under. Dei varierer avhengig av om du vel ein enkel lunsj til gullbryllaup eller ein trerettarsmeny, og dette blir avgjerande for korleis du skal dekkje.
Eit bord som er oppdekka til gullbryllaup. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Læraren bør i forkant ha gjennomgått Menyspråket.

Læraren vel ut eit tema og ein meny til kvar elev/gruppe.

Eksempel på tema

  • konfirmasjon – gut eller jente
  • gullbryllaup
  • festmiddag
  • julelunsj

Meny

  • firerettars festmeny
  • trerettars middag
  • torettars lunsj

Oppgåve

  1. Dekk opp eit bord etter det temaet og den menyen du har fått oppgitt.
  2. Bordet skal dekkjast til fire personar.
  3. Pynt bordet slik at det passar til det oppgitte temaet/menyen.
  4. Bruk kriteria under for å få eit så bra resultat som mogleg.

Du blir vurdert etter desse kriteria:

  • plassering av bordet i lokalet
  • polering av utstyr
  • pålegging av duk
  • bruk av brett under oppdekking
  • tid
  • nøyaktigheit
  • rett oppdekking i samsvar med menyen
  • serviettbretting
  • om bordet er dekt etter det gitte temaet og høvet

Hugs!

  • Hugs å tilpasse bord og meny til høvet. Gjesten(e) skal føle at dei blir tekne vare på og er viktige, ved at høvet er tilpassa akkurat deira ønskjer og bestillingar.
  • Tema kan vere vår, haust, jul og påske. Bruk fargar og blomster etter årstida.
CC BY-SASkrive av Hege Resell Amdahl.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020

Læringsressursar

Oppdekking