Hopp til innhald
Fagartikkel

Menyspråket

Det finst retningslinjer for korleis vi bør skrive menyar. Her ser vi nærare på dei.

Bruk av språket

Korleis skal vi bruke språket når vi skriv ein meny? Fagspråket i kokk- og servitørfag har mange ord og uttrykk av utanlandsk opphav. Når vi jobbar i denne bransjen, er det sjølvsagt at vi nyttar desse orda når vi snakkar saman om mat, råvarer, tillagingsmetodar og liknande. Men det er ikkje sjølvsagt at gjestane våre forstår slike faguttrykk.

For at gjestane skal forstå kva som blir servert, må vi nytte eit norsk menyspråk med god rettskriving. Mange faguttrykk og utanlandske beskrivingar i menyen høyrest kanskje veldig eksklusivt ut, men vi kan risikere å skremme bort gjestane. Viss gjestane ikkje forstår kva som er beskrive i menyen, er det ikkje sikkert dei ønskjer å bestille noko. Målet med ein meny er jo nettopp å beskrive tilbodet til etestaden og lokke kundane til å bestille noko frå menyen.

Menyen gir informasjon om kva etestaden serverer, men kan òg innehalde historier eller informasjon om konseptet eller nærområdet.

Felles retningslinjer

Når vi skriv ein meny, finst det ein del felles retningslinjer:

  • Bruk eit språk som dei fleste forstår. Dei færraste blir imponerte av menyar med mange framandord og faguttrykk. Det er lettare å forstå "grøn ertepuré" enn "petit pois-puré".
  • Følg norske rettskrivingsreglar.
  • Bruk ein skrifttype og ein skriftstorleik som er lett leseleg for alle.
  • Unngå bruk av ord som fersk, frisk eller ekte. Gjestane våre føreset at vi nyttar ferske råvarer.
  • Beskriv maten i eintal, til dømes omnsbakt lammeskank, ikkje omnsbakte lammeskankar. Serverer vi fleire einingar av ei vare per porsjon, til dømes kjøtbollar, skal det stå i fleirtal.
  • Viss vi nyttar internasjonale rettar, bør vi gi ei forklaring. Står det osso buco, bør vi skrive at dette er ein klassisk italiensk rett som består av grytekokt kalveskank tilsmakt vin og urter.
  • Unngå for mykje bruk av orda og eller med.
  • Skriv gjerne kva del av dyret som blir nytta, til dømes indrefilet av okse, ikkje berre oksekjøt.
  • Person- og eigennamn i ein rett skal ikkje forandrast sjølv om menyen blir omsett eller forandra.
  • Ikkje bruk forkortingar.
  • Når du set opp menyen, skal du nemne hovudråvara med tillagingsmetode først. Deretter kjem garnityret, sausen og til slutt potetene.
  • Menyspråket bør tilpassast profilen til etestaden. Satsar etestaden på lokalmat, er det naturleg at menyspråket speglar det, til dømes ved at ein ikkje berre skriv lammelår, men lammelår frå Myrhaug gard.