Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraftige menyar

Kva er ein berekraftig meny? Og kva må vi tenkje på for å kunne servere mat som er både god og berekraftig, utan at vi aukar kostnadene?
Ung kvinneleg kokk kuttar purrelauk på eit kjøkken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bevisst val av råvarer

Ein berekraftig meny krev at du gjer bevisste val når det gjeld kva råvarer du vil nytte, korleis dei blir produserte, og kva miljøpåverknad dei har. I tillegg er det viktig å planleggje godt, slik at du hindrar matsvinn.

Råvarer i sesong

Når du planlegg ein meny, er det lurt å nytte råvarer som er i sesong. Råvarer i sesong har ofte betre smak og haldbarheit og gir derfor menyen eit løft. Prisen er òg ofte lågare.

Lokale råvarer

Bruk av lokale råvarer kan både tilføre menyen særeigen smak og gi serveringsstaden positiv marknadsføring. Råvarer som er dyrka og framstilte lokalt, gir dessutan mindre miljøpåverknad enn importerte råvarer.

Bruk meir grønsaker, korn og belgvekstar

Plantebaserte matvarer gir mindre klimagassutslepp enn kjøt, særleg viss dei er produserte i Noreg. I tillegg er dei næringsrike og rimelege råvarer. Mange er opptekne av å redusere kjøtforbruket sitt i tråd med tilrådingane frå Helsedirektoratet, og fleire "grøne alternativ" på menyen er både berekraftig og god økonomi.

God menyplanlegging hindrar matsvinn

Når du planlegg menyen, er det lurt å sjekke kva varer de har på lager, og planleggje ut frå det. Same ferskvare kan nyttast i fleire ulike rettar. Har du kokt torsk éin dag, kan du nytte restane til fiskegrateng dagen etter. Med litt kreativitet kan du lage mykje spennande med enkle og gode knep, utan at gjenbruket blir oppfatta som "restemat". Med ein "dagens rett" på menyen har du ei gyllen moglegheit til å bruke opp restar av kjøt, fisk og grønsaker.

Planlegg menyen slik at du får nytta heile råvara. Har du fisk på menyen, kan du setje opp saus eller suppe basert på kraft laga av fiskebeina. Ein "enklare" meny med færre rettar kan gi betre oversikt over råvarelager og dermed forhindre svinn.

Mengdeberekning

Mengdeberekning er viktig viss du lagar menyar beståande av éin eller fleire rettar. Bereknar du mengda riktig, blir gjesten blir god og mett utan at det blir liggjande igjen mykje restar på tallerkenen.

Bufféservering

Ein buffé skal bogne av gode rettar og godt tilbehøyr. Dette fører ofte til at gjestane forsyner seg med meir mat enn dei klarer å ete opp. Å lage porsjonsrettar på buffeen kan vere eit godt val. Eller de kan hengje opp eit skilt med følgjande oppmoding: "Ikkje et meir enn du klarer, forsyn deg gjerne fleire gonger". Set ikkje ut for mykje mat om gongen, for mat som ikkje har forlate kjøkkenet, kan nyttast seinare.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal og Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2021

Læringsressursar

Menylære