Hopp til innhald

Fagstoff

Forslag til samansetjing av rettar i menyar

Her kjem nokre forslag til korleis du kan setje saman rettar i menyar av ulik storleik, basert på menynøkkelen.
Kokkar legg opp mat på mange tallerkenar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Éin rett

Retten til eit hovudmåltid som lunsj, middag eller supé er alltid ein hovudrett av fisk eller kjøt med tilbehøyr.

To rettar

  • første rett: hovudrett av fisk eller kjøt med tilbehøyr

  • andre rett: søt dessert, frukt eller ost

Tre rettar

  • første rett: kald forrett, suppe eller varm forrett

  • andre rett: hovudrett av fisk eller kjøt med tilbehøyr

  • tredje rett: søt dessert, frukt eller ost

Fire rettar

  • første rett: kald forrett, suppe eller varm forrett

  • andre rett: suppe, varm forrett, hovudrett av fisk, varm eller kald mellomrett

  • tredje rett: hovudrett av fisk eller kjøt med tilbehøyr

  • fjerde rett: søt dessert, frukt eller ost

Fem rettar

  • første rett: kald forrett, suppe eller varm forrett

  • andre rett: suppe, varm forrett, hovudrett av fisk, varm eller kald mellomrett

  • tredje rett: hovudrett av fisk eller kjøt, varm eller kald mellomrett

  • fjerde rett: hovudrett av kjøt eller grønsaksrett

  • femte rett: søt dessert, frukt eller ost

Ein tallerken med pannesteikt torsk, linser og kvit saus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Seks rettar

  • første rett: kald forrett, suppe eller varm forrett

  • andre rett: suppe, varm forrett eller hovudrett av fisk

  • tredje rett: hovudrett av fisk, varm eller kald mellomrett

  • fjerde rett: varm eller kald mellomrett, kvilerett eller hovudrett av kjøt

  • femte rett: hovudrett av kjøt eller grønsaksrett

  • sjette rett: søt dessert, frukt eller ost

Sju rettar

  • første rett: kald forrett, suppe eller varm forrett

  • andre rett: suppe eller varm forrett

  • tredje rett: hovudrett av fisk, varm eller kald mellomrett

  • fjerde rett: varm eller kald mellomrett

  • femte rett: kvilerett eller hovudrett av kjøt

  • sjette rett: hovudrett av kjøt, grønsaksrett, søt dessert

  • sjuande rett: søt dessert, frukt eller ost

Åtte rettar

  • første rett: kald forrett, suppe eller varm forrett

  • andre rett: suppe eller varm forrett

  • tredje rett: hovudrett av fisk, varm eller kald mellomrett

  • fjerde rett: varm eller kald mellomrett

  • femte rett: kvilerett eller hovudrett av kjøt

  • sjette rett: hovudrett av kjøt eller grønsaksrett

  • sjuande rett: grønsaksrett eller søt dessert

  • åttande rett: søt dessert, frukt eller ost

Hugs

  • Til forrett bør vi unngå sterke, røykte eller salta rettar.
  • Viss ein meny har to hovudrettar, skal den første vere fisk og den andre kjøt.
  • Dersom menyen berre inneheld éin dessert, bør denne vere søt.
Tallerken med middagsrett, stettglas med vin og serviett på restaurantbord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 18.06.2021

Læringsressursar

Menylære