Hopp til innhald

Fagstoff

Chef Flynn

I denne filmen følgjer vi Flynn McGarry, som allereie i ung alder viser interesse for matlaging. Mora, ein kjend Hollywood-produsent, filmar sonen frå han som liten lagar flotte rettar til familien, til han flytter ut for å jobbe på stjernerestaurant i New York.

Oppgåver til filmen

  1. Fortel om dei ulike tillagingsteknikkane Chef Flynn nyttar.

  2. Chef Flynn reiser rundt med sin eigen pop-up-restaurant: Eureka. Kva namn ville du ha valt til din pop-up-restaurant, og kvifor?

  3. Lag ein meny til restauranten din:

    • to forrettar – éi suppe og éin kald rett

    • to hovudrettar – éin med fisk og éin med kjøt

    • to dessertar – éin med mousse eller fromasj som hovuddel og éin med is/sorbé som hovuddel

  4. Planlegg korleis restauranten din skal organiserast.

    • Lag ein arbeidsplan for forrett, hovudrett og dessert.

    • Kor mange vil du ha med i teamet ditt?

    • Kor mange skal jobbe med kvar rett?

    • Korleis skal rettane leggjast opp på tallerkenen?

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2020

Læringsressursar

Menylære