Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Borddekkingskonkurranse!

Kven dekkjer det finaste bordet med korrekt oppdekking? I denne oppgåva skal klassen delast i grupper som konkurrerer mot kvarandre.
To servitørar på ein restaurant dekkjer eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klassen blir delt i grupper på tre elevar.

Oppgåve

De skal dekkje og pynte eit bord til fire personar som skal passe til ei kvinne sin 50-årsdag. Menyen er som følgjer:

  • Forrett: Krema blomkålsuppe

  • Hovudrett: Heilsteikt oksefilet, bakte rotgrønsaker, rødvinssaus og fondantpotet

  • Dessert: Brownies, bringebærsorbé

Det skal nyttast amerikansk servering. Det skal serverast vin til heile måltidet.

Vurderingskriterium

Gruppene vil bli vurderte etter følgjande kriterium:

VurderingskriteriumPoengKommentar
Rett oppdekking i samsvar med meny og serveringsmåte
Hygiene og reinhald
Nøyaktigheit
Serviettbretting
Kuvertmeny med allergenmerking
Kreativitet
Bruk av årstida sine blomar og fargar
Pynt som passar til høvet

Førebuing

Kvar gruppe får ein time til førebuing. Her må gruppa lage ein plan og bli einige om kva slags utstyr som trengst, korleis de vil dekkje, kva slags pynt og serviettar som skal nyttast, og kven som skal gjere kva.

Gjennomføring og eigenvurdering

Kvar gruppe dekkjer bordet sitt etter planen de har laga.

Etter at bordet er dekt, må gruppa vurdere sitt eige arbeid.

  • Kva vart de fornøgde med?

  • Kva kunne vore betre?

Kvarandrevurdering

Elevane samlast rundt kvart bord og vurderer kvarandre sitt arbeid. Diskuter saman i klassen, kva gjorde gruppa bra, og kva kunne vore betre? Dei andre gruppene set poeng frå 1 til 3 etter vurderingskriteria ovanfor.

Døme
Gruppe 1: Hanne, Ali og Jonas
VurderingskriteriumPoengKommentar
Rett oppdekking i samsvar med meny og serveringsmåte2Mangla dessertskei
Hygiene og reinhald3Alt var reint og pussa

Kåring av vinnar

Læraren samlar inn gruppene sine vurderingar av kvarandre, reknar saman poengsummen og kårar ein vinnar.

Filer

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2022

Læringsressursar

Oppdekking