Hopp til innhald

Fagstoff

Serviettar

Serviettbretting har eksistert i over 500 år, og det finst mange forskjellige bretteteknikkar. Serviettar kom på moten på 1600-talet, og det vart vanleg å dekkje på med ein serviett til kvar person. Servietten er på mange måtar krona på verket når vi dekkjer eit bord.
Kvit serviettmodell. Foto.

Kvite serviettar på kvit duk er som regel standard på restaurantar – det gir eit preg av kjølig eleganse.

I butikkane får du kjøpt serviettar i ulike fargar, med og utan mønster. Fargane er som moten, dei varierer. Farga serviettar skaper ei lun stemning.

Kva kvalitet skal ein velje?

Kvaliteten på serviettane er avhengig av pris. Dei rimelegaste serviettane er av to- eller trelags tynt papir og eignar seg ikkje til alle brettemodellane. Skal du ha ein modell med fleire brettar og litt høgd, lønner det seg å kjøpe litt stivare papirserviettar. Det beste er tøyserviettar som er rulla med litt stive.

Kvalitet og pris heng òg saman med høvet og typen servering. Til frukost og lunsj blir det ofte brukt enkle og rimelege serviettar. Middagar og bankettar krev tøyserviettar eller serviettar av Dunilin-kvalitet.

Brettemåte

Serviettane kan vere bretta på ein enkel og stilrein måte, eller dei kan vere meir kunstferdig og komplisert bretta. Her er høvet og ferdigheitene til servitøren med på å avgjere kva utforming servietten til slutt får.

Det er viktig at du har reine hender når du skal brette serviettar.

Når du brettar serviettar til ein à la carte-restaurant, er det lurt å velje ein brettemåte som gjer det mogleg å oppbevare servietten fram til han skal brukast. "Bispelua" er eit eksempel på ein bretta serviett som fint kan oppbevarast litt utan at han mistar fasongen.

YouTube: Video om serviettbretting


Eit bord er dekt med kvit duk og kvite serviettar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hugselappen

Vel ein serviettype som passar til

  • standarden på staden
  • typen selskap
  • brettemetoden (høge brettemetodar krev for eksempel tjukkare serviettar med meir hald)



CC BY-SASkrive av Gro Birgitte Eriksson og Hege Resell Amdahl.
Sist fagleg oppdatert 01.05.2020

Læringsressursar

Oppdekking