Hopp til innhald

Fagstoff

Oppdekking

Grunnregelen når det gjeld oppdekking, er at alt skal plasserast i same avstand frå bordkanten. Det er mange måtar å dekkje eit bord på. Kvar bedrift dekkjer på sin måte.
Eit bord som er dekt opp med kvit duk, bestikk, kuvertasjett, glas, serviett, lysestakar og ein peon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er lurt å følgje ei bestemd rekkjefølgje for oppdekking for å få eit ryddig og oversiktleg bord med kuvertane plasserte overfor kvarandre.

Kuvert

Kuverten består av det gjesten treng for å ete eit måltid:

  • glas
  • kuvertasjett
  • serviett
  • bestikk

Salt og pepar bør stå i nærleiken.

Når du skal dekkje eit bord, er det viktig å vere nøyaktig. Kuvertane må vere like breie og ha form som eit kvadrat. Bestikket på den eine sida av bordet skal liggje nøyaktig på linje med bestikket på motsett side. Bestikket og tallerkenane skal liggje ca. 1,5–2 centimeter frå bordkanten. Glasa skal stå på linje langs heile bordet.

Servietten skal stå på same plass på alle kuvertane i lokalet og samtidig vende mot gjestane. Serviettar kan med fordel brettast dagen før du skal dekkje bordet. Serviettar er ein del av ein servitør sin "mice en place".

To servitørar dekkjer eit bord i ein restaurant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er ofte ein smakssak korleis vi dekkjer eit bord. Men rettane som skal serverast, og forma på bestikket er med på å avgjere dekkjemåten. Dersom du dekkjer opp i denne rekkjefølgja, er det mest effektivt, og du slepp å rette på oppdekkinga:

  • Dra stolen ut frå bordet.
  • Legg på duk.
  • Set stolen pent inntil att.
  • Dekk på hovudrettsbestikk.
  • Dekk på forrettsbestikk.
  • Dekk på dessertbestikk.
  • Dekk på vinglaset som skal vere til hovudretten, sidan dette skal stå rett overfor hovudrettskniven. Deretter dekkjer du på resten av vinglasa som høyrer til måltidet.
  • Dekk på farrisglas.
  • Dekk på kuvertasjett.
  • Dekk på smørjekniv.
  • Set på servietten.
  • Set på dekor som lys og blomstrar.
  • Set eventuelt på salt, pepar og tannpirkarar.

Frukostoppdekking

Her dekkjer du på liten kniv og gaffel, serviett, salt og pepar. Gjesten forsyner seg sjølv med mat og drikke på frukostbuffé. Mange stader dekkjer ein opp med kaffikopp, og kaffi og te blir servert ved bordet.

Lunsj med bufféservering

Dekk på med liten kniv og gaffel, dessertbestikk, raudvinsglas, farrisglas, kuvertasjett, smørjekniv, serviett, salt og pepar. Suppleringsbestikk eller spesialbestikk legg du på kaldtbordet.

Lunsj etter oppsett meny

Dekk på bestikk etter oppsett meny og med glas tilpassa det gjestane skal drikke. Kuvertasjett, smørjekniv, serviett og apotek skal òg dekkjast på.

À la carte

Vanleg à la carte-oppdekking består av stor kniv, stor gaffel, raudvinsglas, vassglas, kuvertasjett og smørjekniv. Bestikket skal plasserast ca. 1,5–2 centimeter frå bordkanten. Glasa til hovudretten skal stå framfor spissen på kniven som høyrer til hovudretten. Dersom gjesten bestiller forrett og dessert, blir det deretter sett på supplerande dekkjetøy.

Oppdekking til firerettarsmeny

Ved firerettarsmeny blir det dekt opp etter den aktuelle menyen. Dekk opp som forklart under "À la carte". Det er vanleg å setje glasa på linje og plassere glaset til hovudretten rett overfor hovudrettskniven.

Fint dekt bord med kvit duk, bestikk til fleire rettar, kuvertasjett, glas, serviett, lysestakar og blomstrar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Salt, pepar og tannpirkarar

På finare restaurantar med "fine dining" dekkjer ein ikkje på med salt og pepar.

Tannpirkarar blir sette på bordet når hovudretten er rydda av.

Apotek

Eit apotek er ei korg / eit brett med salt, pepar, tannpirkarar, ketsjup, olje og eddik. Det blir brukt apotek på enkelte restaurantar der ein har behov for det, til dømes pasta- eller pizzarestaurant. På ein ordinær restaurant er det ikkje vanleg å dekkje opp med apotek.

CC BY-SASkrive av Gro Birgitte Eriksson og Hege Resell Amdahl.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2021

Læringsressursar

Oppdekking