Hopp til innhald

Fagstoff

Oppdekkingsmåtar

Det finst mange måtar å dekkje eit bord på. Linjeoppdekking, gruppeplassering, V-formasjon og diagonal oppdekking er tradisjonelle og vanlege metodar.
Eit pent dekt bord med kvit duk, kvite tallerkenar, vinglas, og store blomsteroppsatsar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Linjeoppdekking

Bestikket blir likt plassert med tallerkenkanten, ca. 1,5–2 centimeter frå bordkanten. Glasa til hovudretten står føre knivspissen til hovudretten, og så blir forrettglaset plassert på skrått nedover. Farrisglaset blir plassert bak mellom hovudrettglaset og forrettglaset. Dessertglaset blir plassert på skrått føre hovudrettglaset.

Tallerkenar, bestikk og glas som ligg etter kvarandre langsmed ei tenkt vassrett nedre linje. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gruppeplassering

Denne måten å dekkje opp på er smakfull og mykje nytta. Det er dekt til forrett, fisk, kjøt og dessert. Kjøtbestikket blir lagt ca. 1,5 centimeter frå bordkanten. Fiskebestikket blir lagt ca. 5 centimeter frå bordkanten, og forrettbestikket som kjøtbestikket. Smørjekniven blir lagd på kuvertasjetten, på same linje som forrettbestikket og kjøtbestikket. Glasa til hovudretten står føre knivspissen til hovudretten. Kvitvinglaset står litt føre og til høgre for raudvinglaset. Dessertvinglaset blir plassert slik at glasa dannar ein likesida trekant. Det er viktig at stettane står like langt frå kvarandre.

Gruppeplassering i ei oppdekking. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdekking i V-formasjon

Hovudrettbestikket blir plassert ca. 1,5 centimeter frå bordkanten. Forrettbestikket blir plassert 2,5 centimeter frå bordkanten, og eventuelt neste bestikk blir plassert 3,5 centimeter frå bordkanten slik at bestikket dannar ein V-formasjon.

V-formasjonsoppdekking. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diagonaloppdekking

I denne oppdekkinga blir kniven og gaffelen i hovudrettbestikket og forrettbestikket plasserte omvendt for kvarandre, slik at bestikket dannar skrå linjer.

Diagonaloppdekking. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hugselappen

  • Alt bestikk og glas skal vere pussa før det blir lagt på bordet.
  • Du må vere nøye med å følgje linjene når ein dekker bordet.
CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 07.09.2020

Læringsressursar

Oppdekking