Hopp til innhald

Fagstoff

Val av bordtype

Det er mange ting å tenkje på når du skal velje bordtype til eit høve.
Fleire runde småbord i ein restaurant som er pent dekte med kvit duk og blomsteroppsatsar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bordet må alltid passe til høvet. I eit fint selskap som bryllaup bør gjestane sitje slik at flest mogleg kan sjå brudeparet. Jo finare høvet er, desto viktigare er det med eit veleigna bord.

Ved val av bordtype må du ta omsyn til dette:

  • storleik og form på rommet som skal nyttast
  • kva slags høve bordet skal nyttast til
  • talet på gjestar
  • meny og serveringsmetode

Bordtypar

Rektangulært bord

To rektangulære bord er sette opp ved sida av kvarandre med stolar rundt begge borda. Illustrasjon.

Eit rektangulært bord er eit avlangt bord som er sett saman til eit selskapsbord. Dersom bordet blir gjort for langt, kan det sjå ut som ein smal tarm. Denne bordtypen gir lite plass til bordpynt. Han passar til større, enkle selskap, til dømes til servering for kurs- og konferansegjestar.


Kongebord

Kongebordoppsett, der fire rektangulære bord er sette saman, og stolar står langs utsida på alle kantane. Illustrasjon.

Kongebord er nemninga på eit rektangulært bord sett opp i dobbel breidd. Bordet blir luftig, med god avstand mellom bordsidene. Denne bordtypen gir god plass til bordpynt.

Kongebord blir ofte nytta i elegante selskap med mellom 18 og 30 gjestar. 20 gjestar på eit kongebord er det ideelle. Fordelen med eit kongebord er at ingen sit med ryggen til, og det blir dermed eit veldig sosialt bord. Ulempa er at det trengst mange bord.

Ovalt bord

Ovalt bordoppsett, der rektangulære bord er sette saman med halve rundbord på sida slik at det dannar ein oval. Stolane står plasserte langs heile bordet. Illustrasjon.

Eit ovalt bord er eit rektangulært bord i dobbel breidd med eit halvsirkelforma bord i kvar ende. Denne forma for bordoppsetjing får ei mjukare avslutning og eit meir høgtideleg preg. Det passar til elegante selskap med mellom 10 og 28 personar.

Utstikkarbord

Denne forma for bordoppsetjing finst i fleire variantar, til dømes

Bordoppsett med rektangulære bord som er sette saman slik at det dannar ein u. Illustrasjon.
  • U-bord, også kalla hestesko
  • E-bord
  • kambord, med så mange utstikkarar du ønskjer – alt frå fire utstikkarar blir rekna som kambord

Denne forma for bordoppsetjing blir nytta i større selskap. Ved eit kambord kan det dekkjast opp til fleire hundre gjestar.

Fordelen med utstikkarbord er at hovudgjestane sit godt synleg, men ulempa er at fleire av gjestane sit med ryggen til.

Småbord/rundbord

Bordoppsett der fire runde bord er plasserte med lik avstand frå kvarandre. Illustrasjon.

Småbord/rundbord kan plasserast i mange ulike formasjonar. Om borda er relativt små, er dette eit sosialt bordoppsett. Om borda er store, kan det vere vanskeleg å føre samtalar med alle. Dette bordoppsettet tek mykje plass og krev òg eit stort lokale.

Hovudgjestane kan velje å sitje ved eit småbord/rundbord eller ved eit meir synleg hovudbord.

CC BY-SASkrive av Gro Birgitte Eriksson og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Oppdekking