Hopp til innhald

Fagstoff

Kaffi og økonomi

Kaffi er Noregs nasjonaldrikk. Gjennomsnittleg inntek ein norsk kaffidrikkar fem koppar per dag. 1 kopp svarer til 1,5 dl. Kaffien vil nok utgjere ein merkbar post på utgiftssida, men bidreg desto meir på inntektssida i form av den fortenesta og trivselen kaffien gir!
Ein kvinneleg barista står framfor ein disk med kaffimaskinar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvalitet løner seg

Som med alt anna løner det seg å satse på kvalitet, når det gjeld både råvarer, tillagingsutstyr og personale. Den beste kaffiøkonomien oppnår du ved å følgje reglane for god kaffitillaging og kaffiservering. Då unngår du å måtte slå ut kaffi unødig.

Det er viktig å ha gode kunnskapar om kaffi og tillaging

Kan du vise at dette er noko du brenn for, og kanskje til og med lære gjesten noko nytt, vil han eller ho omgåande oppleve kaffien din som noko heilt spesielt.

Sel meir kaffi

Når du skal vurdere kaffiøkonomien din, er reknestykket langt meir nyansert enn berre å sjå på kiloprisen på kaffi eller dosering per liter vatn. Det du først bør konsentrere deg om, er korleis du kan selje meir kaffi!

Ei endring i kaffisalet gjer eit større utslag på inntektssida enn utgiftssida:

  • innkjøpspris per kilo: 100 kr

  • dosering av kaffi per liter vatn: 60 g

  • utsalspris per kopp: 25 kr

  • 1 kopp svarer til: 1,5 dl

Ein innkjøpskostnad på 3,60 kr fører til ei omsetning på 100 kr! Kan du spare mykje ved å gå ned på doseringa?

Eigentleg ikkje. Ved å redusere kaffimengda frå 110 g til 100 g på ein 1,8-liters kolbetraktar, kan du spare 10 øre i innkjøpskostnader. I praksis vil det seie at dersom du ein dag serverer 200 koppar, vil du på ei omsetning på 5000 kr spare cirka 3 kr. Men går du ned i dosering, går det ut over kvaliteten, og du risikerer å miste kaffisal.

Det er ingen tvil om at konklusjonen er: Sats på kvalitet og rett dosering – då har du moglegheita til å selje nokon koppar ekstra!

CC BY-SASkrive av Norsk Kaffeinformasjon. Rettshavar: Norsk Kaffeinformasjon
Sist fagleg oppdatert 18.03.2022

Læringsressursar

Varme drikkar