Hopp til innhald

Fagstoff

Ord og uttrykk om kaffi

Kva kan du om kaffi? Her finn du ord og uttrykk om kaffi.
Tre glas med ulike kaffidrikkar på eit fat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ord og uttrykk om kaffi

Arabica

Det finst to hovudtypar kaffi som er viktige for verdshandelen: arabica og robusta. 98 prosent av den kaffien som blir importert til Noreg, er arabicakaffi.

Avkalking

Avkalking er sjeldan nødvendig i Noreg, sjølv om det står om det i alle brukstilvisingar til kaffitraktarar. Eit avkalkingsmiddel er ei syre som fjernar kalk. Bruk heller eit basisk reinsemiddel som løyser opp humus frå vatn og feittrestar frå kaffien.

Crema

Eit fint, jamt og gyllenbrunt skum cirka 2–4 mm på toppen av espressoen

Cupping

Kaffismaking

Kaffifilter

Blir brukt i kaffitraktar til å ha malen kaffi i

Kaffigrut

Det som ligg att i kaffifilteret eller på botnen i kjelen etter at kaffien er laga

Kaffikjele

Blir brukt til kokekaffi

Kaffikanne

Kanne til å ha kaffien i, kan vere av porselen eller stål

Kaffikopp

Alt frå små koppar til store beger: porselen, keramikk eller papp

Kaffimål

Måleskei, eitt stroke mål gir cirka 10 gram kaffi

Koffeinfri kaffi

Kaffi som ikkje inneheld koffein

Kokekaffi

Ein grovare malen kaffi som blir brukt når vi skal lage kokekaffi

Nybrend kaffi

Kaffibønner som kjem rett frå brennaren

Nymalen kaffi

Kaffibønner som akkurat er malne

Presskanne

Ofte kalla "Bodumkanne". Fungerer som ein "moderne" kokemetode.

Reinsemiddel for kaffitraktarar

Løyser opp restar av kaffivoks og humus inne i traktaren. Perfekt å reingjere serveringskanna med.

Robusta

Utgjer cirka 2 prosent av den kaffien som kjem til Noreg. Smaker vanlegvis bitrare enn arabica.

Tamper

Når du skal lage til ein kopp espresso, pakkar du kaffien jamt og kompakt i filterhaldaren. Til dette bruker vi eit lite "metallstempel", ein tamper.

Vaska kaffi

Kaffi som er behandla etter den våte metoden

Ord frå kaffibaren

Americano

Ein enkel eller dobbel espresso som blir fylt opp med varmt vatn, eventuelt så mykje som gjesten ønskjer

Lungo

Tillagingstida er den same som for ein espresso, men kaffien blir malen grovare, og mengda blir dermed større.

Espresso

30 ml kaffi laga på cirka 25 sekund "under trykk" i ein spesialmaskin. Espressoen får eit skum på toppen, kalla crema.

Espresso betyr kaffi som er tillaga kjapt og under trykk. Blir servert i små koppar eller glas. Suveren base for diverse kaffidrikker med mjølk og smakssirupar.

Doppio

Dobbel espresso. To enkle espressoar som blir serverte i ein større kopp.

Ristretto

Tillagingstida er den same som for ein espresso, men kaffien blir malen finare, og mengda blir dermed mindre.

Espresso con panna

Espresso toppa med risten, tjuktflytande kremfløyte

Espresso macchiato

Espresso "flekka" med ein skvett mjølk eller mjølkeskum til pynt

Cortado

Enkel eller dobbel espresso med mjølk. Mjølkemengda skal vere tilsvarande kaffimengda.

Café au lait

Lait betyr mjølk på fransk. Café au lait er filterkaffi og varm mjølk i lik blanding.

Caffè latte

Latte betyr mjølk på italiensk. Opphavet til caffè latte er kaffi laga på mokkakanne med varm mjølk. Dei fleste kaffibarar lagar ein caffè latte av espresso og stima mjølk. Blir ofte servert i høge glas.

Cappuccino

Cappuccino består av espresso, 50/50 varm mjølk og mjølkeskum. Mjølka skal ikkje vere som stivpiska eggekvite, men fløyelsmjuk og tett utan store bobler.

Caffè mocca

Sjokoladesaus, espresso og stima mjølk

Caffè correto

Espresso med grappa, brandy eller likør

CC BY-SASkrive av Gro Birgitte Eriksson.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2018

Læringsressursar

Varme drikkar