Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kaffi – Kopi Luwak og Black Ivory

Kaffi finst i mange variantar og prisklassar. Dette er ein litt spesiell kaffi, som skil seg spesielt ut i forhold til andre kaffitypar.
Asiatisk palmesivett lukter på kaffebønner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon om oppgåva

Søk på nettet, og finn ut kva Kopi Luwak- og Black Ivory-kaffi er.

Finn bilete, og svar på desse spørsmåla:

Kopi Luwak

  1. Kva er Kopi Luwak?
  2. Korleis blir han laga?
  3. Kva kostar det for ein kopp?
  4. Kvar blir han produsert?

Black Ivory

  1. Kva er Black Ivory-kaffi?
  2. Korleis blir han laga?
  3. Kva kostar det for ein kopp?
  4. Kvar blir han produsert?

Hugselappen

  • All kaffi blir laga av kaffibønner.
  • Kaffibønner går gjennom ein fermenteringsprosess for å få ein særeigen smak.
CC BY-SASkrive av Hege Resell Amdahl.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Varme drikkar