Hopp til innhald

Fagstoff

Te

Te har eit stort spekter av aromaer og smakar og finst i mange variantar. Det gjer han til ein populær drikk i store delar av verda.
Ei indisk kvinne held teblad i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er te?

Te blir laga av tørka blad frå den eviggrøne tebusken Camellia sinensis. Drikkar som er laga på andre plantar enn Camellia sinensis som urter, frukt og rooibos, er strengt teke ikkje te, men blir kalla urtete, fruktte eller tisanar.

Tebusken gror i tropiske og subtropiske område. Det er mange land som dyrkar te, men Kina og India er dei som produserer mest. Det er mange forhold som verkar inn på teen sin kvalitet, smak og karakter, mellom anna kva land han blir produsert i, klima, jordsmonn, tid for innhausting, kva delar av planten som blir hausta, prosesseringsmetode, osb.

Opphavleg vart tebusken dyrka som medisinplante i Kina, men etter kvart òg for nytinga si skuld. Først på 1500-talet kom teen til Europa.

Framstilling av te

Når teplanta er moden, blir blada hausta, som oftast for hand. Etter haustinga blir blada lagde i sola eller svakt varma til dei visnar og rullar seg saman. Den vidare behandlinga vil vere avhengig av kva type te det er snakk om. Forskjellane mellom dei ulike tetypane kjem av om dei er oksiderte, og kor mykje.

Oksidering vil seie at stoffa i blada reagerer kjemisk med luft. For å få i gang oksideringa blir blada rulla, knuste eller knadde. Avhengig av tetype blir oksideringa avbroten med ein varmeprosess når teprodusenten ønskjer det.

Dei vanlegaste tetypane

  • Kvit te er minst behandla, han er berre hausta og tørka.
  • Grøn te blir varmebehandla rett etter plukking og tørking. Dermed kjem ikkje oksideringa i gang, og blada held seg grøne.
  • Oolong-te er ein mellomting mellom grøn og svart te. Han er litt oksidert før han blir varma.
  • Svart te er fullstendig oksidert (det er oksideringa som gjer teblada mørke).

Tre koppar med ulike tear, ved sida av ligg tørka teblad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eigenskapar og bruk

Te er ein drikk som kan nytast åleine eller til måltid. Te har eit stort spekter av aromaer og smakar og kan erstatte vin og anna drikke til dei fleste rettar.

  • Kvit te passar til lett mat som snittar, salatar og fingermat.

  • Grøn te passar til fisk og sjømat, spesielt sushi og andre lette rettar.

  • Svart te passar til kraftigare rettar som grilla eller steikt kjøtt.

  • Oolong-te er svært anvendeleg og kan passe til alt frå lette forrettar til smaksrike hovudrettar, ostar og dessertar.

Te kan òg nyttast som smakstilsetning i ulike bakverk og dessertar og i krydderblandingar på kjøtt og fisk.

Næringsinnhald

Te inneheld svært få eller ingen kaloriar og har eit varierande innhald av mellom anna vitamin, mineral, koffein, antioksidantar og garvestoff. Svart te inneheld som regel meir koffein enn dei andre typane. Kvit og grøn te har høgast innhald av antioksidantar.

Trekking av te

  • Kok opp kaldt, friskt vatn.

  • Bruk cirka 2 g te per 200 ml vatn.

  • Ha gjerne laus te i ein tesil.

  • Kok opp vatnet og avkjøl det litt før du heller det over teen. Avkjøl til 95–97 °C for svart te og 70–80°C grader for kvit og grøn te (kvit og grøn te blir fort bitre ved bruk av for varmt vatn).

  • Les på pakka kor lenge teen skal trekkje.

Te skal serverast i store, vide koppar. Det er vanleg å balansere teen med sukker, mjølk, honning eller sitron.

Oppbevaring

Te bør oppbevarast mørkt og lufttett, skilt frå andre matvarer som kan trekkje til seg lukt frå teen.

Kjelder

Vinmonopolet. (2009). Alkoholfritt til mat og fest. [Brosjyre]. https://www.vinmonopolet.no/Alkoholfritt-til-mat-og-fest.pdf

Teinfo.dk. (2022). Tetyper. Henta 31. mars 2022 frå https://teinfo.dk/tetyper/

Teinfo.dk. (2022). Tebrygning. Henta 31. mars 2022 frå https://teinfo.dk/tetyper/tebrygning/

Te. (2021, 23.januar). I Store norske leksikon. https://snl.no/te

Norges tehus. (2022). Teproduksjon. Henta 31. mars 2022 frå https://www.norges-tehus.no/pages/teproduksjon

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 24.03.2022

Læringsressursar

Varme drikkar