Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Smak på kaffi

Smaken av kaffien avheng av kvar han kjem frå, korleis han er framstilt, og bryggjemetode. I denne oppgåva skal du lukte og smake på kaffi som er bryggja på ulike måtar, og kaffi som har ulike opphavsland, og sjå om det er nokon forskjellar.
Ein mann står ved eit bord og vurderer ulike sortar kaffi som er nummererte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Teori

Les artikkelen om kaffi på ndla.no og svar på desse spørsmåla:

  1. Kvar kjem kaffi frå?

  2. Korleis blir kaffi framstilt frå råvare til ferdig drikk?

  3. Kva er forskjellen på kokmalen, filtermalen, presskannemalen kaffi og pulverkaffi?

Del 2: Smak og sensorikk

Utstyr som trengst

  • kaffitraktar

  • vasskokar

  • kaffikjele

  • presskanne

  • kaffikvern (kan sløyfast)

  • kaffikoppar

Råvarer som trengst

  • filtermalen kaffi

  • kokmalen kaffi

  • presskannemalen kaffi

  • pulverkaffi

  • heile bønner

  • kaffi frå to ulike opphavsland (valfri malingsgrad og bryggjemetode)

Oppgåve 1: Smak på kaffi laga med ulike bryggjemetodar

På butikken kan du kjøpe kaffi mellom anna som heile bønner, filtermalen, kokmalen, presskannemalen eller pulverkaffi. Målingsgraden avheng av korleis kaffien skal bryggjast. Læraren viser korleis dei ulike typane kaffi skal lagast, og viser korleis kaffitypane ser ut i pulverform. Kvar elev får ein kopp med ferdig laga kaffi av dei ulike typane.

  • Start med å lukte på kaffien. Kva luktar han? Luktar han mykje eller lite? Noter i skjemaet.

  • Smak så på kvar kaffi. Smakar han syrleg, bittert, søtt eller noko anna? Noter.

  • Kva synest du smakar best?

Smaksskjema kaffi
Bryggjemetode Lukt Smak

Kokekaffi

Filterkaffi
Presskannekaffi
Pulverkaffi

Oppgåve 2: Smak på kaffi frå ulike land

Brygg kaffi frå to ulike opphavsland. Kaffien skal bryggjast med same metode.

  • Start med å lukte på kaffien, luktar dei to ulikt?

  • Smak på dei to kaffitypane, er det nokon forskjellar i smak?

Kaffi frå ulike land
OpphavslandLukt Smak

Oppgåve 3: Lukt på ferskmalen kaffi og ferdigmalen kaffi

Læraren kvernar kaffibønner og lèt elevane lukte på dei. Så får elevane lukte på ferdig malen kaffi frå pose.

  • Er det nokon forskjell på lukta? I så fall, korleis trur du dette vil påverke smaken?

  • Kva seier dette oss om oppbevaring og bruk?


kaffi_nn

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2022

Læringsressursar

Varme drikkar