Hopp til innhald

Fagstoff

Kaffi

Kaffi er ein nytingsdrikk som blir laga av bærkjerner frå kaffitreet. Kaffi blir drukken med stor glede over heile verda, men det finst knapt nokon land der det blir drukke så mykje kaffi per innbyggjar som i Noreg.
Tre glas med ulike kaffedrikkar på eit fat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er kaffi?

Kaffi er ein koffeinhaldig drikk som blir laga av bærkjerner frå kaffitreet. Bæra blir plukka og skrelte slik at berre kjernane er igjen. Desse kallar vi kaffibønner. Ulike sortar bønner blir blanda og blir så varmebehandla (brende) og malne. Når vi blandar den malne kaffien med varmt vatn, får vi den gode drikken.

Kaffien kan smake ulikt avhengig av kva land han kjem frå, og korleis han blir framstilt.

Kaffi får ein kjøpt som heile bønner, malen kaffi eller pulverkaffi. Pulverkaffi er vanlegvis frysetørka kaffi som skal løysast opp i kokande vatn når han skal drikkast.

Eigenskapar og bruk

Ofte er det å drikke kaffi knytt til noko sosialt – menneske møtest over ein kopp kaffi. Mange byr på kaffi når dei har invitert nokon heim, og det er naturleg å avslutte ein betre middag med kaffi. Vi har fått mange kaffibarar dei siste åra, og kaffien har fått ein viktig posisjon i det moderne samfunnet. Dei fleste arbeidsplassar har kaffipausar og serverar kaffi på møte.

Kaffi blir nytta i både kalde og varme drikkar, med eller utan alkohol. Han eignar seg òg godt som smakstilsetning i kaker, konfekt, dessertar og øl.

Koffein

Kaffien blir nytt for den gode smaken og aromaen, men òg for den oppkvikkande effekten, som kjem av kaffien sitt innhald av koffein.

Koffein stimulerer sentralnervesystemet og kan gjere at du kjenner deg meir vaken og konsentrert og får ei betre reaksjonsevne. Effekten av koffeinet varer nokre få timar, men nokre merkar han meir enn andre. Til dømes kan kaffidrikking om kvelden utsetje søvnen. Andre kan reagere med å bli rastlause og spente viss dei drikk for mykje kaffi eller te. For dei som er kjenslevare for effekten av koffein, kan koffeinfri kaffi vere eit godt alternativ.

Ein kopp kaffi og eit glas konjakk. Foto.

Korleis serverar ein kaffi?

Det er vanleg å servere kaffien svart eller med mjølk og sukker.

Uttrykket kaffi avec tyder at ein betre middag blir avrunda med kaffi og noko sterkt som konjakk eller likør.

Oppbevaring og lagring

Kaffi er ferskvare, og opna posar bør nyttast raskt. Kaffien bør kome i minst mogleg kontakt med luft for å unngå harskning og tap av smak og aroma. Det er best å oppbevare kaffien i originalemballasjen – også etter at han er opna. Legg du pakninga i ein boks med tett lokk, er du på den sikre sida. Kaffien kan trekkje til seg smak og lukt frå andre matvarer.

Kjelder

Grydeland, B. (2015, 27. januar). Foredling. Norsk kaffeinformasjon. https://kaffe.no/foredling/

Grydeland, B. (2019, 19. januar). Koffein. Norsk kaffeinformasjon. https://kaffe.no/koffein/

Grydeland, B. (2014, 23. oktober). Kaffebrenning. Norsk kaffeinformasjon. https://kaffe.no/24866-2/

Norsk kaffeinformasjon. (2014, 13. juli). Oppbevar kaffen riktig. https://kaffe.no/oppbevar-kaffen-riktig/

Norsk kaffeinformasjon. (2014, 28. juli). Malingsgrad. https://kaffe.no/velg-riktig-malingsgrad/

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2022

Læringsressursar

Varme drikkar