Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Skjering av kjøt til ferdig produkt

I denne oppgåva skal de øve dykk på å skjere ned eit slakt til fine stykkingsdelar og å gjere klar produkt for sal.
Biff og kotelettar utstilte i ein ferskvaredisk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon om oppgåva

Denne oppgåva består av ein teoretisk del, ein produksjonsdel og ein salsdel.

De skal velje dykk eit dyr som tema for oppgåva og øve dykk på å skjere ned dyret i fine stykkingsdelar. De skal så velje ut nokre av stykkingsdelane som de vil klargjere for sal, lage til produkt og setje opp ein ferskvaredisk.

Rettleiing til lærar

Du vel kva dyr som skal vere tema for oppgåva: svin, lam eller storfe.

Ut frå din eigen kompetanse kan du velje å hente inn ein kjøtskjerar som hjelper på dag ein og ein ferskvarehandlar som kan hjelpe til med produkt og å leggje opp ein ferskvaredisk på dag tre.

Dag ein: teori

  • Sjå filmen om grovoppdeling av det dyret som skal vere tema for oppgåvene. Filmane ligg i relatert innhald.

  • Skriv om dei ulike stykkingsdelane på dyret og kva dei kan nyttast til.

  • Vel fire stykkingsdelar som de vil selje i ein ferskvaredisk, og bestem dykk for korleis de vil presentere dei. Skal det vere råvarer som heile filetar, biffar og kotelettar, råvarer som er tilarbeidde med marinade eller krydder, farseprodukt eller heilt ferdige produkt som steikte karbonadar?

  • Finn òg minst éi potettillaging, éin saus og to salatar/grønsaker som kan passe til kjøtet, og som kan seljast i ein ferskvaredisk.

  • Korleis vil de marknadsføre ferskvareutsalet?

Dag to: produksjon

Saman med læraren skjer de kjøt og deler det i dei stykkingsdelane de bestemde på dag ein.

Produkta må emballerast og lagrast riktig. Set klare dei produkta som trengst til neste dag, og resten kan frysast inn for seinare bruk.

Dag tre: produksjon

Ut frå stykkingsdelane frå dag to skal de lage produkt til ein ferskvaredisk. I tillegg til kjøttprodukt skal ferskvaredisken innehalde tilbehøyr i form av potettillaging, grønsaker og saus.

Alt blir merka, emballert og prisa riktig.

Dag fire: sal

Gjer klar ferskvaredisken og tenk på korleis han skal sjå innbydande og flott ut. Hugs temperatur!

Om skulen ikkje har ein ferskvaredisk, kan de leggje opp produkta i bakkar med is for å halde riktig temperatur.

Under salet er det viktig å ha fokus på god kundebehandling og korleis få til meirsal av tilbehøyrsprodukta.

Relatert innhald

Svinekjøt er eit av dei mest etne kjøtslaga i Noreg. Vi kan nytte det meste på ein gris, og dei ulike stykkingsdelane har ulike bruksområde.

Lammelår er ei fantastisk råvare som kan nyttast til mange retter. Her ser du korleis vi deler eit lam, og kva dei ulike stykkingsdelane eignar seg til.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal og Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2022

Læringsressursar

Kjøt som råstoff