Hopp til innhald
Oppgåve

Kontrollspørsmål om storfe, lam og svin

Etter å ha jobba med temaet partering og bruk av kjøtt kan du teste deg sjølv ved å svare på desse spørsmåla.

Storfe

  1. Kva for stykningsdelar er det på storfe?
  2. Kva kan dei forskjellige stykningsdelane brukast til?
  3. Kva for ulike produkt kan vi få ut av ein storfebog?
  4. Kva kan bogplomma/bogsteika brukast til?
  5. Kva kan du bruke dei avskorne beina til?
  6. Kva heiter dei seks delane i eit storfelår?
  7. Kva kan dei forskjellige delane brukast til?

Lam

  1. Kva for stykningsdelar får du ved grovoppdeling av lam?
  2. Kva kan du bruke dei ulike stykningsdelane til?
  3. Forklar produksjonsprosessen for minst to av stykningsdelane.

Svin

  1. Kva for stykningsdelar får du ved grovoppdeling av svin?
  2. Kva kan du bruke dei ulike delane til?
  3. Kva for ein del bruker vi til å lage bacon?
  4. Kva for konserveringsmetodar blir brukte ved produksjon av bacon?
  5. Kvifor blir nitrittsalt brukt ved produksjon av bacon?