Film og filmklipp
Stykkingsdelar av svin
Svinekjøt er saftig, mørt og magert, og det er eit av dei mest etne kjøtslaga i Noreg. Vi kan nytte det meste på ein gris, og dei ulike stykkingsdelane har ulike bruksområde. I filmen viser ein kjøtskjerar korleis han skjer ned svin i dei ulike stykkingsdelane.
Svinekjøt er eit av kjøtslaga vi et mest av i Noreg, og det blir nytta både til kvardags og fest. Kjøtet er saftig og mørt og kan kombinerast med mange ulike smakar. Muslimar og jødar et av religiøse årsaker ikkje svinekjøt.
Hovudet blir tradisjonelt nytta til sylte.
- Forknoke kan nyttast fersk, lettsalta eller lettsalta og røykt. Han treng lang koketid og eignar seg til kokte rettar som ertesuppe, lapskaus og andre gryter. Blir òg nytta som produksjonskjøt til pålegg, deigar og farsar.
- Nakke blir skore til nakkekotelettar som kan grillast eller steikjast. Han kan nyttast som nakkesteik eller pulled pork.
- Bog har eit stort bruksområde og kan nyttast som bogsteik, skoren i skiver til grilling eller i bitar til gryteretter. Han kan òg serverast som lettsalta kokekjøt og blir nytta som produksjonskjøt til pålegg, deigar og farsar.
- Svinekam består av indre- og ytrefilet med bein. Fileten kan skjerast ut og heilsteikast eller nyttast som medaljongar. Kotelettkammen kan nyttast heil, med eller utan bein, eller kan delast opp til kotelettar. Hamburgarrygg er lettsalta og røykt svinekam utan bein og kan nyttast både som middag og til pålegg. Beina kan nyttast som baby back spareribs.
- Side kan nyttast til ribbe, bacon og lettsalta sideflesk. Kan òg nyttast som spareribs og grillribbe.
- Buklist er den nedste, beinfrie delen på sida på grisen. Blir nytta som kokt og lettsalta til sylterull, ribberull og sylteflesk. Kan òg takast med i hovudsylte. Blir ofte nytta som ein del av ribba.
- Mørbrad kan nyttast som grytesteik, lettsalta kokekjøt eller bli skoren i bitar til gryteretter, supper og wok.
- Skinke (lår) kan nyttast heil med mørbrad til spekeskinke og salta, røykt og kokt skinke. Skinka kan delast opp til flatbiff, mørbrad, svineknoke og skinkesteik (med eller utan bein). Flatbiffen kan skjerast til skinkebiff, svinesnitsel eller i bitar til gryter, supper og wok.
- Svineknoke kan nyttast fersk, lettsalta eller lettsalta og røykt. Blir nytta i retter som ertesuppe, betasuppe og lapskaus.
- Labb blir nytta lettsalta og kokt til syltelabbar.