Lag majones
Sjå filmen om korleis du lagar majones. Gå deretter saman i grupper på to, og lag majones som vist på filmen.
Ingrediensar
2 eggeplommer
1 ms dijonsennep
2 ½ dl nøytral olje
1 ms kald sitronsaft
salt og nykverna pepar
Fordel majonesen i fire ulike bollar. De skal no setje smak på majonesen med ulike ingrediensar.
Bolle 1: aioli. Lag Aioli ved å tilsetje 1 fedd kvitlauk og køyre med stavmiksar.
Bolle 2: chilimajones. Lag chilimajones ved å tilsetje litt srirachasaus/tabasco/chilisaus og bland saman.
Bolle 3: remulade. Lag remulade ved å tilsetje litt finhakka kapers, persille, sylteagurk og sjalottlauk, og bland saman.
Bolle 4: estragonmajones. Lag estragonmajones ved å tilsetje finhakka, fersk eller sylta estragon.
Smak på dei ulike variantane av majones. Kva variant likte du best?
Kva synest du dei ulike variantane hadde passa til?
Har du forslag til andre ingrediensar du kunne brukt for å setje smak på ein majones?
Lag ein lunsjrett med kylling som hovudråvare og ein majonesvariant som tilbehøyr.