Kalde grunnsausar
Den mest brukte av dei kalde grunnsausane er majones. Majones er ein tjukk emulsjon mellom egg og olje. Han kan piskast for hand eller ved hjelp av stavmiksar eller foodprosessor. For at du skal lykkast med majonesen, er det viktig at ingrediensane har same temperatur, og at du sper varsamt med olje i byrjinga.
Majones dannar utgangspunktet for mange andre sausar. Du kan til dømes setje smak på den ferdige majonesen, bruke ei smaksett olje under tillaginga eller tilsetje ulike smakar saman med egg og olje når du piskar saman emulsjonen. Remulade, karrimajones, aioli og graslaukmajones er døme på variasjonar av majones.
Sjå video av korleis du kan lage majones på ein enkel måte ved hjelp av stavmiksaren:
Ein annan mykje brukt kald grunnsaus er vinaigrette.
Vinaigrette er ein olje- og eddikdressing som er smaksett med ulike krydder, urter og andre ingrediensar. Han kan lagast emulgert med sennep eller berre bli piska saman. Sennepsvinaigrette, rødvinsvinaigrette og tomatvinaigrette er døme på ulike variantar.
Kalde sausar eller dressingar som blir laga på basis av rømme, yoghurt eller crème fraîche som blir blanda med smaksstoff, urter og krydder.
Døme på desse kalde sausane er karsesaus, chilisaus, kvitlauksdressing, tzatziki, raita og dressing av blåmuggost.
Kokte, kalde sausar, asiatiske sausar, tilsmakte oljer, salsaer og grønsakssausar er døme på andre kalde sausar.
Smørblandingar består av smør og ulike smaksstoff og garnityr, avhengig av oppskrift. Rør smøret kvitt, tilset smaksstoff og eventuelt garnityr. Smørblandingar blir brukte til ulike rettar på menyen, som ei smakstilsetjing til grillretter av kjøtt og fisk, på smørbrød og på brød til supper og liknande. Hovmeistersmør, kvitlaukssmør og colbertsmør er døme på smørblandingar.