Utforsk krafta di!
Gå saman i grupper på to eller tre elevar. Fordel oppgåvene mellom gruppene, og la alle smake og sjå forskjellen på dei ulike kraftene etterpå.
Lag to kjelar med kyllingkraft, den eine skal vere brun, og den andre skal vere lys. Smak på begge kraftene når dei har kokt ferdig. Smaker de nokon forskjell? Kva kraft synest de smaker best? Er det nokon forskjell på fargen?
Ingrediensar
2 kg kyllingskrog (de kan erstatte 500 g kyllingskrog med kyllingvingar)
2 gulrøter, grovkutta
2 purrelauk, grovkutta
1 selleristong, grovkutta
1 kepalauk, grovkutta
1 bouquet garni
Framgangsmåte brun kyllingkraft
Forvarm omnen til 180 gradar. Skyl kyllingskroga under kaldt vatn, og ha dei over i ei bakke. Set skroga i omnen, og snu dei av og til med ei holsleiv. Når skroga er brune, tilset de grønsakene og lèt alt stå i omnen i 10 minutt til.
Hell feittet av bakken. Ha grønsakene og kyllingskroga over i ein kjele, tilsett 2 ½ liter kaldt vatn og bouquet garni. Skru ned varmen, og la blandinga trekke rett under kokepunktet i tre til fem timar. Skum av ved behov.
Framgangsmåte lys kyllingkraft
Skyl kyllingskroga under kaldt vatn, og ha dei direkte i kjelen. Tilset grovkutta grønsaker og fyll på med vatn. Kok opp og skum av. Skru ned varmen, og la blandinga trekke rett under kokepunktet i tre til fem timar.
Lag to kjelar med grønsakskraft. I den eine kjelen skal de bruke dobbelt så mykje lauk og gulrot som i den andre kjelen. Smak på begge kraftene etterpå. Kjenner de nokon forskjellar i smak? Har den eine krafta meir søtsmak enn den andre?
Ingrediensar
2 lauk
2 gulrøter
4 fedd kvitlauk
0,5 purrelauk
0,25 sellerirot
10 peparkorn
1 laurbærblad
Framgangsmåte
Skyl, skrell og kutt alle grønsakene i grove bitar. Ha alt i ein kjele, fyll på med vatn til det dekker grønsakene. Kok opp og la krafta trekke rett under kokepunktet i cirka ein time.
Lag to kjelar med fiskekraft. Den eine skal de koke på vanleg måte i cirka 25–40 minutt, den andre skal de la koke mykje lenger, to til tre timar. Kva skjer med fiskekrafta som har kokt lengst?
Ingrediensar
2 kg fiskebein frå kvit fisk
100 g gulrøter
100 g sellerirot
100 g lauk
100 g purrelauk
4 timianstilkar
4 stk. laurbærblad
10 persillestilkar
5 peparkorn
Framgangsmåte
Kutt beina i mindre bitar, og skjer vekk gjellene. Skyl fiskebeina i kaldt vatn. Ha beina i ein kjele, dekk dei med kaldt vatn, og gi det heile eit oppkok. Skum av.
Kutt grønsakene i små bitar, og tilset dei i krafta saman med krydderet. Kok krafta på svak varme i 25 minutt.
Sil krafta, og avkjøl. Det er viktig at krafta blir avkjølt raskt. Det kan de gjere over isbad eller i djupfrysar.
Lag to kjelar med valfri kraft. I den eine kjelen skal de bruke vatn slik at det så vidt dekker beina, og tilsetje litt salt. I den andre kjelen skal de bruke ei større vassmengde, og det skal ikkje tilsetjast salt. Kok til kraftene er ferdig, sil og smak på begge kraftene. Er det nokon forskjellar i smak?
Reduser begge kraftene til halvparten er igjen. Smak på kraftene. Korleis smaker dei?