Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv deg på å lage jamningar

I denne oppgåva skal du øve på å lage ulike typar jamningar til både saus og suppe, og du skal undersøke om det er nokre smaksforskjellar.
Ei hand rører med visp i ei gryte med smelta smør. To skåler, ei med kveitemjøl og ei med smør, står ved sida av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teoretisk del

  1. Finn ut kva ei lys jamning er, og kva ei brun jamning er. Kva trur du vil vere smaksforskjellen mellom ein saus laga med lys jamning og ein saus laga med brun jamning?

  2. Kva kalla lys og brun jamning kalla på fagspråket?

  3. Kva er forskjellen på ei suppe laga med botnjamning og ei laga med toppjamning? Kva trur du smaksforskjellen på desse to suppene vil vere?

Praktisk del

Gå saman i grupper på to eller tre elevar.

Oppgåve 1

I denne oppgåva skal de lage to sausar, ein med lys jamning og ein med brun jamning.

Kvar saus skal bestå av 5 dl vatn eller kraft, 30 g smør og 30 g mjøl. Smak til med salt og pepar.

Smak på begge sausane. Kva er smaksforskjellane, og kvifor trur du dei smaker ulikt?

Oppgåve 2

Her skal de lage to blomkålsupper som blir jamna på to ulike måtar.

Lag blomkålkraft

Ingrediensar:

  • ein blomkål

  • ein sjalottløk

  • 2 fedd kvitlauk

  • 5 dl mjølk

  • 5 dl grønnsakkraft

  1. Reins, skyl og del blomkålen i bitar. Kutt sjalottlauken i terningar. Kutt opp kvitlauken. Ha dette i ein kjele med litt olje, og steik til dei får litt farge (skal lukte godt).

  2. Tøm på 5 dl mjølk og 5 dl grønnsakkraft. Kok i cirka 20 minutt. Sil av grønsakene og ta vare på væska.

Kvit suppe med bacon i ei skål, brød ved siden av. Foto.

Suppe 1 med botnjamning

  1. Lag lys jamning av 20 g smør og 20 g kveitemjøl.

  2. Spe med 5 dl av væska du har frå kokinga. Om du ikkje har så mykje, spe på med vatn/kraft.

  3. La den koke litt etter væska er tilsett.

  4. Smak til med salt og pepar.

Suppe 2 med toppjamning

  1. Kok opp 5 dl av væska du har frå kokinga. Om du ikkje har så mykje, spe på med vatn/kraft.

  2. Røyr ut maisenna i litt vatn. Spe inn blandinga i væska til du har rett konsistens på suppa. Hugs å la ho koke litt etter at jamninga er tilsett.

  3. Smak til med salt og pepar.

Samanlikn

Tilsett kokt blomkål i begge suppene, og smak på dei.

  • Kva for ei synest du smakte best? Kvifor?

  • Kva vil vere forskjellen på allergenmerking på dei to suppene?

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 01.06.2022

Læringsressursar

Krafter, sausar og supper