Nye former for utanforskap
Den danske dokumentarserien Mannefall følgjer ei gruppe menn som alle er einslege og barnlause. Fleire er ufaglærte eller har låg utdanning, nokre er arbeidsledige, og nokre har helserelaterte utfordringar.
Er det slik at menn blir marginaliserte og opplever utanforskap i samfunnet i dag? I denne oppgåva skal du reflektere over og drøfte dette spørsmålet.
Jobb i grupper på tre eller fire.
Ta utgangspunkt i nøkkelorda som er lista opp under.
arbeid
utdanning
familie
vener
økonomi
helse
kjønn
Diskuter og reflekter over korleis ulike sosiale forhold kan verke saman og påverke moglegheita menneske har til deltaking i arbeidsliv og samfunnsliv.Diskuter korleis de forstår og tolkar omgrepa marginalisering og utanforskap.
Diskuter i grupper: Kva kan bidra til å skape eit meir inkluderande arbeids- og samfunnsliv for slike menn som blir skildra i dokumentaren?
De kan bruke punkta under for å kome i gang med diskusjonen.
Korleis kan mennene bli ein del av arbeidsmarknaden?
Korleis kan mennene få seg partnar eller familie, viss dei ønskjer det?
Korleis kan dei få betre helse, både psykisk og fysisk?
Kva faktorar er det viktigast å starte med for at dei skal bli betre inkludert i samfunnet?
Kven bør ha ansvaret for å endre situasjonen deira? Mennene sjølv, samfunnet dei lever i eller begge partar?