Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oljefondet - kan vi ikkje berre bruke det, då?

Oljefondet heiter eigentleg Statens pensjonsfond utland, og det har no passert den svimlande verdien av ni tusen milliardar kroner. Handlingsregelen dikterer kor stor del av inntektene frå oljeverksemda som kvart år kan brukast i norsk økonomi.
Bilar passerer ein ny bomstasjon i Oslo i 2019. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skatt og finansiering

Som arbeidstakar betalar du skatt, og dette er med på å finansiere oppgåver og fellesgode, som til dømes undervisning og helsetenester.

No er dette rett nok berre ein del av det som er med på å finansiere fellesgode. I nyheitsbiletet har du kanskje ofte sett at både politikarar og andre samfunnsmedlemmer meiner vi må ha betre vegar, sjukehus og skular. Nokon av dei meiner vi bør bruke meir av oljepengane til å finansiere slike oppgåver, og kanskje heller redusere skattenivået for folk flest.

Andre har ein annan innfallsvinkel, og meiner at vi i Noreg kan jobbe mindre, og heller bruke meir av Oljefondet for fleire fellesgode for innbyggjarane.

Men er det eigentleg så enkelt? I denne oppgåva skal du reflektere over og drøfte nettopp dette temaet, og sjå nærmare på kva det kan bety for arbeid og arbeidstakarar i Noreg.

La oss først sjå på kva Oljefondet eigentleg er.

Norges Bank har ei nettstad om Oljefondet, og der finn du ein film der Oljefondet er kort forklart.

Oppgåve:

Jobb i grupper på 3–4 elevar.

Drøft:

Kvifor bruker vi ikkje meir av Oljefondet for å finansiere fellesgode og oppgåver i det norske samfunnet? Lag ei stikkordsliste med argument for og mot å bruke meir av Oljefondet.

Når de har drøfta og notert ned stikkord, kan de lese denne artikkelen frå SSB: Hvorfor kan vi ikke bare bruke oljepengene?

Artikkelen er ganske lang. Det kan derfor vere lurt å dele han opp mellom dykk, slik at de les kvar dykkar del. Noter ned nye stikkord som svarer på spørsmålet de drøfta i byrjinga av oppgåva. Deretter drøftar de spørsmålet på nytt, og lagar ei ny, felles stikkordsliste.

Kom det fram synspunkt i artikkelen de ikkje hadde tenkt på, eller hadde de kome fram til same synspunkt i forkant?

Kanskje fann de ut at det ikkje var så enkelt å "berre bruke oljepengane"?

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 02.07.2019

Læringsressursar

Organisering og betydning av arbeid