Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Det nye arbeidslivet – og nye vegar?

Fast jobb, mellombels tilsett eller arbeidsledig: Korleis opplever vi dette, og kva forventingar har vi til arbeid i framtida? Finn ut meir i denne oppgåva.
Ei kvinne og to menn i kokkejakkar på eit storkjøkken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I "Midlertidig framtid" møter vi journalisten Ragnhild som er mellombels tilsett, og som òg har vore arbeidsledig ein periode. Mens ho leiter etter ny jobb, leiter ho òg etter svar på kva jobben betyr for oss menneske, og kva vi eigentleg kan vente oss i arbeidslivet i framtida. Sosialantropologen du møter i filmen, Ståle Wig, seier òg at koronakrisa har tvinga oss til å tenke nytt om kva verdifullt arbeid er. Han stiller spørsmål om kva samfunnet bør gjere på vegen vidare.

I denne oppgåva skal du gjere di eiga undersøking og din eigen analyse av tema dei tek opp. No skal du vere både journalist og sosiolog/sosialantropolog!

Dei to første oppgåvene er utgangspunktet for det du skal arbeide med i oppgåve 3 og 4.

Oppgåve 1

Sjå episoden, og summer opp dei viktigaste poenga. Kva fann journalisten ut?

Oppgåve 2

Sjå klippet med sosialantropolog Ståle Wig. Han seier at koronakrisa har vist oss at dei viktigaste yrka har låg respekt, låg lønn og låg status, og at i framtida må vi kanskje gå nye vegar.

Diskuter i par eller i grupper: Er det mogleg – og naudsynt – å endre på dette i samfunnet i dag?

Oppgåve 3

Intervju seks ulike personar om temaet "Arbeid, menneske og samfunn".

Finn to informantar frå kvar av aldersgruppene 18–39, 40–59 og 60+.

Du kan lage dine eigne spørsmål eller ta utgangspunkt i forslaga under.

Forslag til intervjuspørsmål

Kva forventingar har/hadde du til ein jobb?

Kva meiner du om det å vere mellombels tilsett eller frilansar versus fast tilsett?

Kva meiner du jobben betyr for identiteten til eit menneske?

Kva haldningar meiner du arbeidsledige møter av andre grupper i samfunnet?

Kva yrke meiner du har høgast status og respekt i arbeidsmarknaden i dag, og kvifor er det slik?

Kva yrke meiner du bør ha høgast status og respekt i samfunnet, og kvifor bør det vere slik?

Kven skal ha ansvaret for at folk får ein jobb dersom dei av ulike årsaker fell utanfor: individa sjølve eller andre aktørar som styresmakter, NAV eller kommunane folk bur i?

Korleis trur du arbeidslivet i framtida vil bli med tanke på arbeidstid, fast eller mellombels arbeid og lønn?

Oppgåve 4

Jobb i gruppe på tre–fire, sortar funna dykkar, og lag ei samanfatning der de presenterer funna for læraren eller ei gruppe medelevar.

Skil mellom kva som er individforklaringar og strukturforklaringar i presentasjonen, og peik på eventuelle skilnader og likskapar i funn knytte til dei ulike aldersgruppene.

Relatert innhald

Fødd sånn eller blitt sånn? Det er mange måtar å byggje identiteten sin på.

Arbeid har ikkje berre funksjonar for eit samfunn. Arbeid betyr også noko for våre individuelle behov.

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2021

Læringsressursar

Organisering og betydning av arbeid