Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

6-timarsdagen

6-timars arbeidsdag har vore diskutert i mange samanhengar, og det er stor usemje om korleis han eventuelt skulle vorte praktisert.
Ein sur og stressa kontorarbeidar jobbar overtid seint på kvelden. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Usemja går mellom anna ut på kor mykje ei innføring av 6-timars arbeidsdag vil koste velferdsstaten. Nokon hevdar ei innføring vil føre til reduserte inntekter i form av skatt. Dette kan igjen føre til mindre finansiering av fellesgode, og at velferdsstaten vil gå til grunne som følgje av dette. Andre igjen meiner det vil føre til meir fritid og betre helse for arbeidstakarane, og at det igjen fører til lågare kostnadar for velferdsstaten.

Oppgåve

Lag ein tabell der du listar opp argument for og i mot 6-timars arbeidsdag.

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 12.08.2019

Læringsressursar

Organisering og betydning av arbeid