Hopp til innhald
Fagartikkel

Kjønnsdelt arbeidsliv begynner i ungdommen

Arbeidslivet i Noreg er kjønnsdelt. Forskarar trur det blant anna handlar om at norsk ungdom må ta viktige avgjerder om framtida på eit tidspunkt der kjønnsidentiteten deira er svært sårbar.

Likestilling, men tradisjonelle yrkesval

Utdanningssystemet i Noreg kan altså vere ein viktig årsak til at arbeidsmarknaden vår er så delt mellom menn og kvinner.

I Noreg har vi kome ganske langt med likestilling. Likevel er dette eit land der unge ofte vel svært tradisjonelt når dei skal velje yrke. Kvinner blir sjukepleiarar og menn blir ingeniørar. Sjølv om kjønnsdelinga har endra seg litt dei siste åra, er Noreg framleis eit land der mange unge vel tradisjonelt.

Ein viktig årsak kan vere at i Noreg må alle ungdommar som ikkje begynner på studiespesialisering (allmennfag), ta ei viktig avgjerd om framtidig yrke mens dei går i 10. klasse på ungdomsskulen.

Eksperiment i Oslo-skulen

I eit eksperiment der nettopp 10.-klassingane ved fem ungdomsskular i Oslo deltok, ser forskarar no klarare korleis gutar og jenter tenkjer om val av utdanning og framtidig yrke.

– Vi ser blant anna at kjønn betyr meir for val av typiske kvinneyrke enn for valg av typiske mannsyrke, seier Liza Reisel, forskar ved Institutt for samfunnsforskning (ISF).

Foreløpige funn frå undersøkinga tyder på at løn og økonomi speler lita rolle når unge vel mellom mannsyrke og kvinneyrke. Andre har hevda at pengar er viktigare for gutar enn for jenter. Men Reisel meiner at ungdom veit for lite om framtidig lønn til at dette speler noko vesentleg rolle. I staden blir unge sitt yrkesval påverka mykje av sårbare kjønnsidentitetar, trur forskarane bak denne studien.

Dette er delvis påvist i internasjonalt forsking tidlegare. Denne studien finansiert av VAM-programmet i Forskningsrådet peikar klart i same retning.

Sårbare ungdommar

Mykje i ungdommen handlar om ikkje å stikke seg ut. Viktige val for framtida blir tatt nettopp når ungdommar er i puberteten, og ofte på det aller mest sårbare i livet sitt. Då er kjønn for mange ein heilt vesentleg dimensjon i livet. For sårbare 15-16-årige gutar blir det vanskeleg å gjere «jenteval». For jenter kan det også bli vanskeleg å gjere «guteval».

Forskarane ser likevel at det er lettare å få aksept for å vere gutejente enn det er for å vere jentegut, når ungdom skal gjere val for framtida i den kjønnsdelte norske arbeidsmarknaden som møter dei. I eksperimentet forskarane gjorde, blei Oslo-ungdommane bedne om å gi råd til fiktive personar.

– Då såg vi at ungdommane brydde seg mindre om personane sitt kjønn dersom rådet handla om å velje gutedominerte utdanningar. Men når vi spurte om jentedominerte utdanningar som for eksempel typiske helseyrke, så var ungdommane tydelegare på at gutar ikkje burde søkje desse utdanningane, seier Reisel.

Summert opp meinte altså 10.-klassingane ved ungdomsskulane i Oslo at jenter kan velje mannsyrke dersom dei har interesse for desse, men at gutar ikkje bør velje kvinneyrke.

Enklare for jenter

– Dette bekreftar noko vi hadde mistanke om, seier Reisel. Det er meir ok for jenter å velje utradisjonelt med tanke på kjønn, enn det er for gutar.

I undersøkinga Oslo-ungdommane deltok i, blei de altså presentert for fiktive personar dei skulle hjelpe med anbefalingar. Hadde personen eit jentenamn og blei presentert som interessert i tekniske ting og dataspel, så anbefalte elevane henne ganske ofte å søkje ei typisk guteutdanning. Men hadde personen eit gutenamn og interessene gjekk meir i jentete retning, så var tilrådinga ofte likevel å gjere eit typisk guteval.

I den same undersøkinga finn forskarane at barn av foreldre med høgare utdanning er mindre opne for gjere utradisjonelle val i 10. klasse, enn barn av foreldre med lågare utdanning. Dette tilsynelatande paradokset kjem ikkje overraskande på forskarane:

– Det handlar særleg om at barn av foreldre med høgare utdanning meiner at jenter ikkje bør velje typiske gutedominerte yrkesfag som elektro og teknikk og industriell produksjon.

Vestleg ungdom vel tradisjonelt

I internasjonal forsking på kjønn og yrkesval i ungdommen har forskarar ofte peikt på den individualistiske kulturen i den vestlege verda som forklaring på kvifor ungdommar gjer svært tradisjonelle val.

– Her i Vesten realiserer vi oss sjølve gjennom yrkesvala våre. Grip tak i gutar og få fleire av dei til å velje helsefag. Idealet vårt er å velje utdanning og yrke etter kva du drøymer om eller brenn for. Du skal velje ut frå din eigen identitet, ikkje ut frå kva samfunnet eller familien din treng, seier Reisel.

Ein konsekvens av dette er at mange norske ungdommar vel tradisjonelt ut frå kjønn. Ikkje så reint få ungdommar med innvandrarbakgrunn frå land utanfor Vesten vel meir utradisjonelt enn det ungdommar frå den norske majoritetsbefolkninga gjer.

– Få gutar til å velje helsefag


I Noreg har vi altså eit utdanningssystem der ungdom gjerne må ta viktige yrkesval for framtida når dei går i 10. klasse, så framt dei ikkje vel studieførebuande på vidaregåande og kan utsetje vala i tre år. Andre land har andre løysingar. Der kan yrkesvala for framtida bli mindre påverka av 15-16-åringar sine sårbare kjønnsidentitetar.

– Samtidig er det klare fordelar ved måten vi har organisert det norske skulesystemet, påpeikar Reisel. Det bidreg blant anna til å produsere både god og stabil yrkesfagleg arbeidskraft.

I staden for å endre heile systemet, er forslaget hennar i staden å gå konkret til verks:

– Grip tak i gutar og få fleire av dei til å velje helsefag, lyder forskaren sitt råd.

– Helse- og sosialfaglege yrke er den aller største bransjen i norsk arbeidsliv. Ein tredel av alle kvinner i arbeidslivet har eit helseyrke. Men her trenges det endå mange fleire tilsette i framtida. Får vi fleire gutar til å velje et helse- eller sosialfagleg yrke, så kan vi få til mykje.

Reisel peikar på den markerte aukinga i talet på menn som har søkt seg til jobbar i barnehage de siste åra, som eit døme på ei positiv endring. Hun set denne auka interessa for barnehage blant menn i samanheng med at far si rolle som omsorgsperson for barn er blitt meir anerkjent. Foreløpig ser vi ikkje teikn til den same utviklinga innanfor andre typiske kvinneyrke.

Kilde

Lenkje til originalartikkelen frå Kilden, kjønnsforskning.no: Kjønnsdelt arbeidsliv begynner i ungdommen.