Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidet og mennesket

Arbeid har ikkje berre funksjonar for eit samfunn. Arbeid betyr også noko for dei individuelle behova våre. Samfunn og individ er ikkje to motsetnadar, men to ulike sider av same fenomen – i dette tilfellet arbeid og arbeidsliv.
Tre legar, ein mann og to kvinner, i samtale i gangen på sjukehus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein del av identiteten vår

For oss menneske handlar arbeid som oftast om mykje meir enn berre lønnsslippen vi får kvar månad. Å arbeide heng også saman med identiteten vår, kven vi er og kva vi ønskjer oss av livet. Arbeid handlar også om å vere ein del av ein fellesskap, og det å ha sosiale relasjonar til andre menneske. Det handlar om å få brukt ferdigheitene og kunnskapane sine og å vere i aktivitet.

Sjølv om det er omdiskutert, kan Maslow sitt behovshierarki vere nyttig for sjå på kva slags behov arbeid kan tilfredsstille.

Å få dekt behov

Alle menneske treng å få dekt dei fysiologiske behova sine, som til dømes mat, vatn og søvn. Anten ein dyrkar maten sjølv eller kjøper han, er arbeid eller inntekt frå arbeid eit nødvendig utgangspunkt for å dekkje dette behovet. Arbeid kan, så framt ein har eit nokolunde klart skilje mellom arbeid og fritid, også vere med på å regulere kvardagen slik at vi har tid til søvn og kvile.

Som menneske har vi også behov for tryggleik i livet. Arbeid gir ikkje berre tryggleik i form av inntekt, det gir også stabilitet i livet for mange menneske. Å vere utan jobb vil for mange kjennest usikkert og problematisk – både økonomisk og kjenslemessig.

Du har kanskje tenkt på eller sett på dette med arbeidsmiljø og det å vere del av ein fellesskap på ein arbeidsplass, eller kanskje har du ein jobb sjølv? Arbeid dekkjer også behovet vårt for sosial kontakt og sosiale relasjonar. Eit kjent uttrykk seier at "menneske er sosiale dyr". Arbeidsplassen er ein stad der vi kan utvikle vennskap, og det gir moglegheit for å delta i aktivitetar saman med andre menneske. Vi veit at arbeidsløyse kan føre til einsemd og andre helseutfordringar.

Anerkjenning

Gjennom arbeid får vi også anerkjenning og status. Arbeid handlar om rolleutføring. Gjennom arbeid har vi ei rolle som arbeidstakar, og korleis vi utfører rolla, kan gi oss anerkjenning. Tenk på ein lærar du meiner er dyktig. Kva er det som gjer at du meiner nettopp denne læraren er ein god lærar? Det handlar om korleis læraren utøver rolla si som arbeidstakar, og kva for normer og forventningar som er knytt til rolla.

Roller i arbeidslivet kan også gi status i form av anerkjenning knytt til profesjonen, som til dømes snikkar, lege eller musikar. Hugs at når vi bruker omgrepa status og rolle i sosiologi, så kan vi definere det slik: Til roller er det knytt forventningar til korleis personar i ein gitt status følgjer dei.

Sjølvrealisering

Vi kan seie at gjennom arbeid kan vi få dekt behovet for sjølvrealisering. Når vi etter kvart tek sikte på eit yrke, ønskjer vi gjerne at vi skal ha ein jobb som gir oss meir enn berre inntekt. Det kan vere at vi ønskjer at jobben skal vere fagleg utfordrande, gi oss moglegheit til å lære og utvikle oss endå meir, vere spennande og interessant. Og ikkje minst at vi får brukt det vi kan, og at vi opplever jobben som meiningsfull både for oss sjølve og samfunnet vi er ein del av. Med andre ord: behov utover det reint økonomiske.

Men no er det ikkje slik at alle har moglegheit til å få oppfylt desse fem behova i same grad gjennom arbeid. Det kjem i stor grad an på arbeidsforhold og arbeidsinnhald i ulike samfunn og kulturar.

I det norske arbeidslivet har vi gjennomgåande klare rammer for rettar og plikter for arbeidstakarar og arbeidsgjevarar. Det er føreseieleg og gir tryggleik for begge partar. Det kan vere ulike former for jobbkultur på alle arbeidsplassar, men overordna er mykje av arbeidslivet i Noreg regulert gjennom lovverk og avtalar. I andre samfunn kan det vere heilt andre spelereglar, både i form av uformelle og formelle normer.

Ein kan stille spørsmål ved Maslow sitt behovshierarki. Er det til dømes slik at alle arbeidstakarar vil få dekt alle behova gjennom jobben sin? Passar det for alle typar samfunn? Neppe. Men det seier noko om kva for behov vi som menneske kanskje får dekt gjennom arbeidet.


Litteratur

Giddens, A., Duneier, M., Appelbaum, R. P. & Carr, D. (2016). Introduction to sociology (10. utg.). New York: W. W. Norton & Company, Inc.

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2019

Læringsressursar

Organisering og betydning av arbeid