Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1)
Felles programfag saman med:Forretningsdrift (SR-SSR vg1)ogKultur og samhandling (SR-SSR vg1)
Marknadsføring og sal
For å bli flink til å marknadsføre og selje produkt må du kunne noko om forbrukaråtferd. Denne kunnskapen må du nytte når du utarbeider marknadsføringsstrategiar, marknadsplanar og marknadsføringskampanjar. Vidare må du kjenne til regelverk for sal og marknadsføring.
Marknadsundersøking
Du har sikkert svart på ulike marknadsundersøkingar på nett eller i andre kanalar. Slike marknadsundersøkingar gir bedrifter verdifull informasjon om oss som kundar. Som bedrift treng du slik informasjon for å kunne utforme ein god marknadsstrategi.