Oppgåve
Turistkontoret
Det lokale turistkontoret har bede dykk om hjelp. Dei jobbar for å utvikle heimstaden dykkar til å bli eit meir attraktivt reisemål, men kva skal til, og kva vil folk ha?
Turistkontoret jobbar for at heimstaden dykkar skal få fleire besøkjande. Men kva vil folk ha? Må turistkontoret prøve å skape nye attraksjonar, eller kan dei endre bruken av dei attraksjonane som allereie finst? No har dei bede klassa dykkar om hjelp til å undersøkje kva folk vil ha, og i første omgang kva dei ulike aldersgruppene i lokalbefolkninga ønskjer seg.
Førebuingar
- Gå saman to og to.
- Vel ut ei målgruppe for undersøkinga dykkar. (Det er viktig at arbeidspara vel ulike aldersgrupper, slik at de får dekt alle.)
- Lag ei undersøking tilpassa målgruppa dykkar. Hugs å utforme spørsmåla slik at de får svar på det de lurer på.
Gjennomføring
- Gjennomfør undersøkinga.
- Analyser svara dykkar og skriv ei oppsummering.
Sluttføring
- Presenter funna dykkar for klassa.
- Kva er ulikt i dei ulike målgruppene?
- Er det nokon nye trendar som kjem fram i dei ulike undersøkingane?
- Diskuter moglege tiltak turistkontoret bør jobbe vidare med.
- Lag ei liste over det viktigaste som kom fram i undersøkingane, og send gjerne lista til turistkontoret.
Relatert innhald
Fagstoff
Slik gjer du marknadsundersøkingarGode marknadsundersøkingar gir bedrifta di ei retning. Det er krevjande å lage gode undersøkingar, men følg desse fem trinna, så er du på god veg.