Hopp til innhald

Fagstoff

Marknadsundersøkingar – definer målgruppa di

Førestill deg dette: Du har utvikla eit nytt produkt, eller ein ny versjon av eit eksisterande produkt, men du er ikkje sikker på kven du skal selje det til. For å finne ut det må du utføre ei form for marknadsundersøking.
Hand som held eit forstørringsglas. Inni glaset ser vi fleire smilande menneske. Det er kvinner og menn, unge og gamle med ulike hudfargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marknadsundersøkingar er ideelle når du ikkje automatisk kan identifisere den beste målgruppa for produktet ditt. Det du må finne ut, er kven som vil like produktet best, og kven som vil ha mest nytte av det. Men viktigast av alt er det å avdekkje kven som mest sannsynleg vil kjøpe produktet. Hugs at personane i målgruppa ikkje nødvendigvis er dei same som brukarane av produktet. Slik er det jo til dømes med leiker. Dei er laga for barn, men det er vaksne som kjøper dei.

Korleis utforme undersøkinga

For å kunne samle inn den informasjonen du treng, må du først beskrive det nye produktet ditt. Kva slags funksjonar har det? Prøv å beskrive det så nøytralt som mogleg. Gjer det klart kva produktet gjer, men la det òg vere rom for at kundane kan føreslå alternative bruksområde.

Opne eller lukka spørsmål?

Når du utformar spørsmåla dine, bør du vere klar over forskjellen mellom lukka spørsmål (der kundane må velje svaralternativ frå ei liste du har valt) og opne spørsmål (der kundane kan skrive inn sin eigen tekst). Lukka spørsmål har den fordelen at dei gir meir einsarta resultat som òg er enklare å behandle. Opne spørsmål eignar seg likevel ofte betre til marknadsundersøkingar fordi dei gir respondentane rom til å gi svar eller innspel som du kanskje ikkje har tenkt over sjølv. Denne ekstra informasjonen kan vise seg å bli uvurderleg når du skal definere målgruppa eller nisjen for produktet ditt.

Når du er nøgd med spørsmåla dine, er du klar for å sende ut undersøkinga.

Til eksisterande kundar

Dersom bedrifta di er etablert og du alt har eit kundegrunnlag, kan du sende undersøkinga ut til dei eksisterande kundane dine. Sørg for at du har med spørsmål om alder, kjønn og annan demografisk informasjon om respondentane. Det er vesentleg for føremålet med marknadsundersøkinga at du veit kva for ei demografisk gruppe som er interessert i produktet ditt. I tillegg er det generelt nyttig å ha oversikt over kva grupper kundane dine tilhøyrer.

Til nye kundar

Dersom du nettopp har starta bedrift og ikkje har ein kundebase enno, kan du skaffe deg dei respondentane du treng til undersøkinga di, frå eit selskap som tilbyr nettundersøkingar. Ved å bruke ei nettbasert teneste sikrar du at du får den mengda svar som du ønskjer. I tillegg vil dataa du samlar inn, vere enkle å behandle og samanlikne.

CC BY-SASkrive av Netigate. Rettshavar: Netigate
Sist fagleg oppdatert 04.03.2020

Læringsressursar

Marknadsundersøking