Hopp til innhald

Fagstoff

Eksperimentmetoden

Av og til må vi eksperimentere for å få informasjonen vi er ute etter. Eksperimentmetoden kan gi oss klare og ærlege svar, men han krev ein god del tilrettelegging og er relativt kostbar.



På jakt etter årsakssamanhengar

Eit eksperiment er ein arrangert situasjon der dei som undersøker, testar ein årsakssamanheng mellom to forhold. Desse forholda blir kalla variablar på forskarspråket, og vi kan derfor seie at vi i eit eksperiment ser på korleis éin variabel verkar inn på ein annan.

Vi kan til dømes undersøke om ein auke i pris fører til større omsetnad (ja, det hender faktisk!). Eller vi kan teste om meir sukker i brusen er det som skal til for at kundane skal kjøpe brusen vår i staden for konkurrenten sin brus. Du kjenner sikkert blindtestane til Coca-Cola? Her eksperimenterer dei med forskjellige cola-produkt frå ulike produsentar og finn ut kva kundane helst vil ha.

Ein kontrollert situasjon

Ein gjer vanlegvis eksperiment i eit slags laboratorium, slik at ein har full kontroll over situasjonen. Dei som står for testinga, kan invitere utvalde personar frå den aktuelle målgruppa, og all testing blir utført i svært kontrollerte former. Over kan du sjå Q-meieria presentere det store datoeksperimentet sitt, og korleis ei slik eksperiment-undersøking kan gå føre seg.

Ulempa med denne framgangsmåten er at testpersonane truleg opplever situasjonen som unaturleg. Dette kan føre til at dei ikkje reagerer slik dei elles ville ha gjort, noko som kan føre til at resultata frå eksperimentet får mindre verdi.

CC BY-SASkrive av Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2023

Læringsressursar

Marknadsundersøking